Meny

Råderett over matressursane våre

Vi treng auka matproduksjon og må sikre virkemiddel for å få til det, og da er konsesjonslova eit av dei virkemidla. Senterpartiet stolar på at kommunane er godt egna til å styre etter denne lova slik vi har ho i dag.

Regjeringa ynskjer å fjerne konsesjonsplikta og buplikta utan å erstatte den med andre reglar.

Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetning av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om produksjonsareal i landbruket  og sikre eigar- og bruksforhold som er bra for samfunnet. Den tek for seg  omsynet for framtidige generasjonar sine behov, landbruksnæringa, behov for utbyggingsgrunn, omsynet til miljø, allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser samt omsynet til busetjing.

Dette vil regjeringa fjerne med eit pennestrøk.

Senterpartiet er bekymra for kva som vil skje om det berre er markedet som skal styre sal av landbrukseigedommar og setje standard for pris. For oss veg det mykje  å halde prisane på landbrukseigedommar på eit slik nivå at unge brukarar skal kunne kjøpe  til ein pris som gjer at dei kan ha inntening på investeringa. Vi er bekymra for kva som vil skje om matvarekjedene kjøper seg opp i norsk landbruk og tek over styringa av landbruket eller at kapitalsterke utanlandske investorar vil kjøpe seg opp på norsk matjord, slik vi ser dei viser interesse for med  norske fiskeressursar.

Vi treng auka matproduksjon og må sikre virkemiddel for å få til det, og da er konsesjonslova eit av dei virkemidla. Senterpartiet stolar på at kommunane er godt egna til å styre etter denne lova slik vi har ho i dag.

Frå regjeringshald peikar dei på at det er 20 % av norske bruk som i dag ikkje blir selde og at vi må fjerne konsesjonslova på grunn av det. Det dei ikkje vil prate om, er at dei aller fleste av desse allereie i dag ligg under plikta for konsesjon og ikkje blir påverka av lova!

Naturressursar skal forvaltast til det beste for fellesskapet og ikkje etter privat profitt. Markedet kan vere ein god tenar, men er som oftast ein dårleg herre. Å fjerne konsesjonslova vil få store konsekvensar for opplandssamfunnet og vi meiner at vi treng denne lova meir enn nokon gong for å sikre norsk matproduksjon og eigarskap!

Aud Hove

Oppland Senterparti