Meny

Senterpartiet krev: Akuttberedskap i heile landet!

På årsmøtet til Hordaland Senterparti vedtok ein fråsegn om sjukehustilbodet.

Akuttberedskap i heile landet!

Regjeringa sin sjukehus-plan trugar beredskapen og tryggleiken til hundretusenvis av innbyggjarar i distrikts-Noreg.

Hordaland Senterparti meiner akuttberedskapen må haldast oppe ved dei sjukehusa som har slik funksjon i dag så langt dette er forsvarleg. I Hordaland syner regjeringa sin vilkårlege politikk seg særskilt tydeleg, der sjukehusplanen legg opp til vidareføring av akuttberedskap ved Voss sjukehus, men der framtida til akuttkirurgien ved Stord og Odda sjukehus vert sett i fare. Hordaland SP er svært glade for at Voss får behalda funksjonen, men krev at Stord og Odda også skal behalda akuttberedskapen.

Om akuttkirurgi forsvinn vil fødeavdeling og anna akuttberedskap heller ikkje kunna drivast vidare. I sum vil innbyggjarane i Hardanger og Sunnhordland få eit dramatisk dårlegare helsetilbod. Me krev ei oppbygging og ikkje ei nedbygging av dei mindre sjukehusa.

Regjeringa legg opp til at framtida til akuttberedskapen ved dei mindre sjukehusa skal vera opp til styra i helseføretaka. Som vårt fremste folkevalgte må Stortinget ta ansvar for dei viktigaste samfunnsoppgåvene me har, og ikkje gøyma seg bak ryggen på byråkratar. Difor krev Hordaland Senterparti at våre stortingspolitikarar ikkje feigar ut, men faktisk tek stilling til framtida for akuttberedskap i Odda, på Stord og på alle dei andre sjukehusa i landet vårt.