Meny

Senterpartiet vil bygge verdiar i Fjord1!

Senterpartiet har gjennom mange ti-år støtta oppbygging av Fjord1 selskapet til eit nasjonalt leiande sjøselskap. Heilt frå den gongen selskapet var avgjerande for at bussen og båten gjekk, til dagens situasjon då selskapet er rusta for konkurranse og anbodsregimet. Senterpartiet vil vere med å vidareutvikle Fjord1 i ein krevjande marknad. Det er uaktuelt for Senterpartiet «å svikte» Fjord 1 slik Ola Teigen i Flora Ap hevdar i Firdaposten 30.07.15.

Dersom Fjord 1 skal vidareutvikle seg i ein ekstremt konkurranseutsett marknad og vinne nye anbod, er det avgjerande at både selskapsstrategi og eigarskapsstrategi vert drøfta fortløpande. Dette er svært viktig for å vere ein aktiv eigar. Det handlar om å gjere rette strategiske grep i rett tid for Fjord1.
 
Ola Teigen peika på utbytte til Sogn og Fjordane Fylkeskommune i 2015. Vi er svært glade for positive rekneskapstall for 2014 og vil gje honnør til styret og leiing for aktivt arbeid for både å snu raude rekneskapstall og vinne nye kontrakter. Fjord1 har dei siste to åra ikkje makta å gi utbytte til fylkeskommunen/eigarane. Gjennom å avstå frå utbytte har fylkeskommunen bidrege med nødvendig kapitaltilførsel til Fjord1. 
 
Som eigar krev vi avkasting på kapital når bedrifta leverer resultat. Ein god eigar må også vere i stand til å gå inn med ny kapital dersom selskapet treng det i samband med nye anbod og store investeringar. I ein botnskrapa fylkeskommune kan det bli krevjande å prioritere eignekapital til Fjord1 framfor drifta av dei til dømes dei vidaregåande skulane. Vi må sikre oss slik at fylkeskommunalt eigarskap ikkje blir eit hinder for utviklinga til selskapet. Det kan også vere ein vanskeleg situasjon å vere både selgjar og kjøpar av transporttenester.
 
Det er med dette som bakteppe fylkeskommune har starta ein brei prosess som skal gje oss kunnskap om situasjonen i Fjord1 og marknadssituasjonen. Vi treng kunnskap om kva som vil vere dei rette strategiske grepa og kva veg som gjev Fjord 1 best vekstvilkår i framtida som eit nasjonalt leiande sjøselskap med hovudkontor i Florø i Sogn og Fjordane. Senterpartiet meiner at det er å ta vårt eigarskap på alvor, legge grunnlaget for fleire arbeidsplassar og handle til det beste for Fjord1.
 
Jenny Følling
Fylkesordførarkandidat for Senterpartiet