Meny

Senterpartiet vil ha breiband til alle!

Om fem år vil kvar tredje innbyggjar i Sogn og Fjordane mangle høghastighets breiband, dersom det ikkje kjem meir pengar til utbygging. Det er svært alvorleg. Er du ein av dei som slit med nettet? Senterpartiet vil gjere noko med det.

Vi i Senterpartiet vil kjempe for at det vert løyvd seks milliardar fram til 2020 til utbygging av framtidas breiband. Det er det som trengs for at alle sogningar og fjordingar skal få det. Breiband er like viktig for deg og meg som veg og flyplass. Tilgang til grunnleggande breidband er avgjerande for full deltaking i samfunnet. Difor må det staten sikre at folket og næringslivet kan kome seg på nett.

 

Marknaden har fiksa fiber der det er kommersielt å bygge ut. For resten landet må staten betale for å sikre breiband til alle, slik fellesskapet gjer til vegutbygging. Ein reduksjon i løyvingane til breiband, slik Høgre og Frp i regjering gjer, gjev ikkje meir breiband. Det medfører at færre får logga seg på. Det monnar lite med 110 millionar når behovet er fleire milliardar.

 

Totalt estimerer TelecomRevy at det trengs mellom seks og sju milliardar kroner for å byggje ut dei resterande 400.000 hushaldningane i landet. Kostandane med å bygge digital infrastruktur er faktisk billig, dersom ein samanliknar det med å bygge vegar. Det digitale linjenettet er einaste infrastrukturområde som private er sett til å byggje, eige og drifte. Når marknaden ikkje strekk til er det naudsynt at fellesskapet trår til. Vi kan ikkje vente til 2020 for å sjå konsekvensane av vidareføringa av dagens politikk.

 

Innspelet frå IKT Norge og Enivest om å bruke 10% av avkastninga på infrastrukturfondet til utbygging av breiband er interessant, og Senterpartiet vil sjå på om det kan vere ei løysing på finansieringa i ulønsame område. Uansett løysing vil Senterpartiet sikre framtidas breiband til alle og kjempe for at det vert sett av seks milliardar fram til 2020. Det fortener sjølvsagt innbyggjarane i fylket vårt. Vi har ikkje tenkt å logge av med det første.

 

Jenny Følling

Fylkesordførarkandidat Sp