Meny
Bli medlem

Sett læraren fri!

Sist endret: 16.03.2017 #Hordaland
Hordaland Senterparti meiner at den einskilde skulen og den einskilde læraren må få større fridom og høve til å gje naudsynt tilpassa opplæring. Me vil ha meir etter- og vidareutdanning på dei områda skulen og læraren ser trongen er størst. Me veit at den norske læraren er kompetent og motivert, og at langsiktig arbeid vil betra resultata til elevane

 

Hordaland Senterparti meiner at den einskilde skulen og den einskilde læraren må få større fridom og høve til å gje naudsynt tilpassa opplæring. Me vil ha meir etter- og vidareutdanning på dei områda skulen og læraren ser trongen er størst. Me veit at den norske læraren er kompetent og motivert, og at langsiktig arbeid vil betra resultata til elevane.

 Regjeringa med Høgre i spissen angrip lærarane sin fagkompetanse, og meiner norske elevar sine resultat på internasjonale prøvar har årsak i lærarane sin manglande kunnskap i faga dei underviser.

Samstundes har Kommunenes Sentralforbund gått i konflikt med lærarorganisasjonane med eit krav om å utvida arbeidsåret og redusera tida lærarane har til elevretta arbeid i skuleåret. Dette vil føra til kortare tid for lærarane til førebuing og vurdering av elevane.

Alle veit at motivasjon, kunnskap og gode førebuingar er nøkkelen til gode resultat. Høgreregjeringa sin politikk vil føra til det stikk motsette. I dag arbeider kvar fjerde lærar utanfor skulen, og Hordaland Senterparti fryktar at fleire lærarar søkjer seg vekk frå skulen om Høgre får gjennomslag for sin politikk.

Tidsavgrensing vil også føre til svekka mulighet for godt samarbeid mellom skule og heim. Dette bryt med opplæringslova §1-1

Som skuleeigar pliktar kommunen å tilretteleggja for eit godt skulemiljø og ei god opplæring i skulen. Difor vil Senterpartiet kjempa for tidsavgrensa arbeidstid for lærarar.

 Hordaland Senterparti  krev at:

  • Lærarane sin kompetanse vert respektert, og at skulen får ro til å gje god læring til elevane.
  • Tida lærarane har til rådvelde for elevretta arbeid, undervisning, førebuing og vurdering i skuleåret ikkje vert korta ned.
  • Opplæringslova skal ivaretakast