Meny

Sjekkheftepolitikk for sjukdom?

Høgre vil innføre sjekkheftepolitikk for sjukehusbehandling. Dei vil gi alle ein sjekk frå Staten, som kan brukast til å kjøpe sjukehusbehandling der ein vil, inkludert hos private klinikkar. Forslaget er ein resirkulering av gammal FrP politikk, og kan bli ein realitet ved eit regjeringsskifte. Det bør bekymre dei fleste, skriv Sps helsepolitiske talsperson Kjersti Toppe.

 

Av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant, Senterpartiet.

 

I dag er dei offentlege sjukehusa sjølve ryggraden i spesialisthelsetenesta, og har hovudansvaret både for behandling, utdanning av personell og forsking. Det er og viktig å huske på at opp mot 80 prosent av døgnpasientane på sjukehusa er der etter ein akutt innlegging. Sjekkheftepolitikken vil fjerne både pengar og kompetanse frå det offentlege, og vil innebere ei kraftig nedbygging av det offentlege helsevesenet. Dette vil særleg kunne gå utover tryggleiken til dei som treng akutt hjelp.

 

Systemet til Høgre vil favorisere dei med ein spesifikk diagnose og ein spesifikk behandling, gjerne operasjon. Tilbodet til kronikarar og eldre pasientar med samansette lidingar vil svekkast. For korleis kan sjekkheftesystemet kunne fungere for pasientar som treng årevis oppfølging? Og kva med det veksande byråkratiet som sjekkheftepolitikken garantert vil føre med seg?

 

10 prosent av sjukehusbehandling skjer i dag i privat regi, og vi har gode ordningar for fritt sjukehusval. Dette er ikkje nok for Høgre, som vil ha fullt frislepp for dei private, finansiert av det offentlege. Senterpartiet seier nei til sjekkheftepolitikk for sjuke menneske.