Meny

Statsministeren tek ikkje innover seg alvoret for mange næringsdrivande i Hallingdal

Stortingsrepresentant for Buskerud, Gerd Eli Berge, Sp om statsministeren sine utsegner i Stortingets spørjetime: - Dette viser at regjeringa med statsministeren i spissen manglar realitetsorientering for kva konsekvensar dette har for mange næringsdrivande og for mange gründerar.
Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjett for 2015 foreslått å tredobla den alminnelege grensa for registrering i Meirverdiavgiftsregisteret frå 50 000 til 150 000 kroner. Argumentasjonen til regjeringa for å gjera dette er at det både reduserer dei administrative byrdene ved avgifta og samstundes gjev auka inntekter for staten. Næringsdrivande som er registrerte i mva-registeret får refundert inngåande moms.
 
Statsminister Erna Solberg omtalte dette forslaget slik i Stortingets spørjetime onsdag 22. oktober:
- Jeg mener at det å heve denne satsen er en forenkling for mange av dem som driver litt aktivitet, men som da slipper å gjøre innrapporteringsarbeidet som er knyttet til det å måtte sende inn oppgaver for å få refusjon. Det gjør det enklere for dem som har liten aktivitet, det er derfor vi har lagt det inn. Det gjør det også enklere for systemene og oppfølgingen i offentlig sektor. Det betyr at vi kan redusere kontrollen og oppfølgingen av alle de minste selskapene.
 
- Det er én gruppe som primært sier at det er en utfordring med dette, og det er sauebøndene på Vestlandet. Jeg registrerer at de i dag har en mer gunstig ordning for dette. For øvrig mener jeg at når man har 150 000 kr i omsetning, så er det kanskje enda bedre å slippe en del av det papirarbeidet man må utføre for å være en del av momssystemet, enn å få noen momskroner tilbake.
 
Stortingsrepresentant for Buskerud, Gerd Eli Berge, Sp, har følgjande kommentar til statsministeren sine utsegner i Stortingets spørjetime:
- Dette viser at regjeringa med statsministeren i spissen manglar realitetsorientering for kva konsekvensar dette har for mange næringsdrivande og for mange gründerar.
 
Berge held fram:
- I Hallingdal vil eit vedtak av dette forslaget ramma særs mange, både sjølvstendig næringsdrivande innanfor landbruket og innanfor andre næring. Den føreslåtte tredoblinga av omsetnadskravet innanfor meirverdiavgiftslova vil hemma mange næringsdrivande si mulegheit til å kunne gjera investeringar og fornya seg, og viser at regjeringa ikkje er konsekvente når dei talar om fornying og forbetring.
 
Gerd Eli Berge slår fast at Senterpartiet vil arbeida for at dette forslaget frå regjeringa ikkje blir vedteke av Stortinget:
- Senterpartiet vil ikkje auka dagens omsetnadsgrense for registrering i mva-registeret fordi vi tek ansvar for næringslivet og utviklinga av Distrikts-Noreg.
 
Kontaktinformasjon:
Gerd Eli Berge - 41508155