Meny

Stortingsmelding om Nasjonal transportplan 2014- 2023

Med vel 311 milliardar kroner i statlege løyvingar til vegføremål i åra 2014 ? 2023 blir det rom for ein sterk auke i satsinga på utbygging, fornying og opprusting av vegane.

"Eit trygt, robust og godt vegnett er viktig for velferda, verdiskapinga og næringsutviklinga i heile landet. I mange område finst det ikkje noko realistisk alternativ til vegtransport. " Dette sa blant anna samferdselminister Marit Arnstad om NTP'en som blei framlagt.

Vidare står det også at dei statlege midlane er fordelte slik:

• 291,8 milliardar kroner til føremål på riksvegnettet.

• Nær 20 milliardar kroner i statlege tilskot til fylkesvegane: 7,5 milliardar kroner går til skredsikring, medan 10 milliardar kroner - over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet - er auke i rammetilskot til fylkeskommunane slik at dei blir betre i stand til å fornye og ruste opp fylkesvegane. I tillegg går 2, 28 milliardar kroner til rentekompensasjonsordninga for transporttiltaka i fylka.

I lenkjene til høgre kan du finne den endelege oversikten og for fylket vårt.