Meny
Bli medlem

Trygg matforsyning er eit samfunnsansvar

Sist endret: 16.03.2017 #Hordaland
Årsmøtet i Hordaland Senterparti krev at: -det vert sett av midlar i statsbudsjettet til å byggja opp att beredskapslager for matkorn. - reglane for omdisponering av matjord til byggjeføremål vert skjerpa, ikkje svekka.

 

 

Hordaland Senterparti meiner auka tryggleik for matforsyninga er grunnleggjande viktig for samfunnet vårt.

 

Regjeringa sin politikk med auka omdisponering av matjord til byggjeland, med auka import av mat og utan vilje til å oppretthalda beredskapslager for matkorn ser det ikkje ut for at regjeringa tek dette samfunnsansvaret på alvor.

 Folketalet i verda aukar.  Klimaendringar påverkar og  trugar matproduksjonen.

Store land (Kina) - kjøper areal i andre land (Afrika)  for å sikra framtidig tilgang på mat.

Utover på 2000-talet har mange land (Russland) stengd grensene for utførsel av matkorn for å sikra matforsyninga til eigne innbyggjarar.

I Noreg  er sjølvforsyningsgraden av norske landbruksvarer, produsert med norsk for,no  godt under 40%.

Om næringa ikkje får rammevilkår som gjer at neste generasjon tør å satsa, kan beredskapen fort verta dramatisk forverra.

 Regjeringa set også lovverk knytt til landbrukseigedom og marknadsregulering under press.

Slikt kan fort påverka både produksjon og busetnad, særleg i våre område.

 Årsmøtet i Hordaland Senterparti krev at:

  • det vert sett av midlar i statsbudsjettet til å byggja opp att beredskapslager for matkorn.
  • reglane for omdisponering av matjord til byggjeføremål  vert skjerpa, ikkje svekka.
  • endringar i lovverket knytt til landbrukseigedom (deling/konsesjon/buplikt) vert tufta på ein nasjonal debatt og ei grundig konsekvensutgreiing.
  • den positive inntektsutviklinga bøndene har hatt med Senterpartiet i regjering held fram også dei neste åra.