Meny

Trygg veg og bane Arna-Voss

Sist endret: 16 03 2017
Jernbanealliansen, ein paraplyorganisasjon som ti nasjonale organisasjonar står bak, deriblant LO og NHO, tilrår ikkje regjeringa å prioritere togstrekninga mellom Arna og Stanghelle. Forklaringa er at prosjektet Arna- Stanghelle blir oppfatta som « eit småprosjekt».

Jernbanealliansen, ein  paraplyorganisasjon som ti nasjonale organisasjonar står bak, deriblant LO og NHO, tilrår ikkje regjeringa å prioritere togstrekninga mellom Arna og Stanghelle. Forklaringa er  at prosjektet Arna- Stanghelle blir oppfatta  som « eit småprosjekt». Å  nemne dette i høyringsuttalen meiner dei hadde blitt oppfatta som rein distriktskamp. Men, alliansen  er klar i sin uttale til regjeringa at dei vil ha dobbeltspor til Lillehammer, Skien og Halden og vidare til Gøteborg.

Vi reagerer sterkt på saka. Sentraliseringa har fått nye alliansar.  Om samferdselsmidlar til Vestlandet er distriktskamp, er vi klare for kamp. At LO og NHO i Hordaland tydelegvis ikkje får gjennomslag for å prioritera trafikktryggleik på Vestlandet, er trist. Men saka  vert avgjort politisk i Nasjonal Transporsplan(NTP) neste vår, i Stortinget. Til då må ny trygg trasé for E16/Bergensbanen Arna-Voss ha breitt politisk fleirtal.

Hordaland Sp kan ikkje godta at hovudveg og –bane i fylket, mellom landet sine to største byar og landsdelar, ikkje vert prioritert ferdigstilt i komande NTP-periode. Sidan år 2000 har det gått 200 ras på strekninga, det siste 8. juni i år. KVU Arna-Voss vart sett i gang av dåverande samferdsleminister Magnhild Kleppa (Sp). I åra 2006-2015 har 19 omkome og 43 blitt hardt skadde på E16 Vågsbotn-Voss.  Strekninga er i tillegg ein flaskehals for den skinnegåande godstrafikken. Trygg E16/Bergensbane Arna-Voss er å prioritere liv og helse. Det er å sikre godstrafikken mellom aust og vest.

Arna-Stanghelle ligg inne som bunde prosjekt i etatane sitt forslag til NTP. Det er bra. Men avgjerda om konseptval, byggestart og ferdigstilling av Stanghelle-Voss er enno ikkje tatt. Hordaland Senterparti meiner at K5 for heile strekninga Arna-Voss må forserast som bunde prosjekt i Nasjonal Transportplan, ha byggestart i perioden 2018-2021 og ferdigstillast i løpet av planperioden 2018-2029.

 

Jostein Ljones, fylkesleiar Hordaland Sp

Nils Bjørke, utvalsleiar miljø- og samferdsel, Hordaland fylkesting

Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant Sp