Meny

Valsiger til hausten!

Sist endret: 16 03 2017
- Målet er å få 12 % til å gje oss sin tillit den 9. september, sa fylkesleiar Anne-Nora Oma Dahle i si årsmøtetale fredag.

 

Gode minister! Gode Åslaug! – eit forbilde for meg og mange fleire! Gode æresmedlemmar! Gode Senterpartistar! Gode årsmøte!

Å stå framom ei så flott samling av senterpartistar er stort. Det er mykje energi og visdom samla i eit rom. Det skal me i løpet av årsmøte elte godt under huda på oss alle med gode debatter og meiningsutvekslingar. Me skal reise frå Norsjø laurdag med begeistring. Slik me alltid gjer etter å ha vore saman. Å samlast er viktig for rørsla vår. Verdien av å byggje laget er limet i Senterpartiet. Det er med stor vyrdnad eg er leiar for dykk.

Det er ei glede for Telemark å ha besøk av tidlegare partileiar og ein av arkitektane bak det raudgrøne prosjektet – Åslaug Haga! Og det er ei glede å ha besøk av olje- og energiminister og nestleiar for partiet – Ola Borten Moe! Velkomen til Telemark båe to!

Me er inne i eit spennande år. For oss som er over gjennomsnittet samfunnsengasjert er det eit fest-år. I tillegg til stortingsval, er det jubileum for kvinneleg stemmerett 100 år og Formannskapslova er 175 år. Så krydrar me det med å feire Ivar Aasen 200 år, Jørgen Moe 200 år, Aasmund Olavsson Vinje 195 år, Munch 150 år, Det Norske teateret 100 år, Norges Bryterforbund 100 år. Emil i Lønneberget er 50 år. Viktige saker i samfunnsutviklinga og av demokratiet! Samfunnsengasjement har forma dette landet. Me må kjenne historia for å forstå nåtida og forme framtida!

Å vere politisk aktiv er å vere tilstade i eige liv. Men det er så mykje meir. Å sjå bygda di, nærmiljøet ditt saman med heile kommunen. Å sjå kommunen din saman med  heile fylket og regionen. Det er å sjå regionen din saman med  heile landet. Det er å sjå verda i samanheng med vår politikk i Noreg. Alt henger saman med alt. Senterpartiet er eit parti som trekker ein grøn tråd mellom alle dei ulike nivåa. Me er eit parti som står fjellstøtt med dyktige tillitsvalde på alle nivå. Og ikkje minst har me kortreist kontakt frå lokalpolitikaren lokalt til dei som arbeider med politikk sentralt. Styrken til partiet vårt er kor sterkt me verdset det lokale engasjementet. Våre sentrale politikarar er mykje ute i lokallaga og deltar på møter og debattar. Eg seier ikkje at det ikkje er krevande. Men det er givande å vere Senterpartist!

Å ta inn over seg korleis verda ser ut rundt oss er krevande. Det er turbulente økonomiske tider og Noreg framstår som annerledes-landet. Spørsmålet er om det vil vare. Me såg i 2009 at regjeringa sine redningspakkar til bankane og kommunane hindra kaos. Men det fekk konsekvensar for staten sine finansar. Ved ei ny krise vil det ta lenger tid å rydde opp. Gjennom god planlegging og fordeling har me kanskje verdens beste samfunn å leve i. Det gir meining i å engasjere seg. Det gjer ein forskjell om det er ei raudgrøn regjering som sit med makta i slike urolege tider. Det uroar meg når eg tenker på konsekvensane av å få ei blå-blå regjering.  Derfor er det viktig at den raudgrøne regjeringa får fornya tillit 9.september!

Me bur i eit land med fred, nok mat til alle, gratis skulegang, godt utvikla demokrati. Me ser at utjamningspolitikk og fordelingspolitikk har ført til vekst i HEILE landet. Det har vært viktig med det langsiktige arbeidet det er å drive samfunnsutvikling. Senterpartiet har lang og god historie med å vere med å utøve makt. Vår politikk er synleg på det Noreg me har i dag.

I dag er distrikts- og regionalmeldinga lagt fram. Regjeringa har presenterert kva den vil med HEILE landet. Dette er ei melding som vil nytte både dei menneskelege og dei naturgjevne ressursane på best mogleg måte. Slike ressursar har me i heile landet vårt.

For å bruke desse ressursane godt, skape vekst, næring og trivsel i heile landet, treng me ein medviten, målretta og konstruktiv distriktspolitikk. Difor vil regjeringa halde fram med å støtte opp om tiltak som gjer lokalsamfunn meir attraktive å bu i. Arbeid og ein stad ein trivs er grunnleggande når ein vel kor ein vil busetje seg. Regjeringa legg til rette for arbeid og velferdstenester. Varmen og trivselen i bygd og by har kvar enkelt av oss eit ansvar for.

Ideologien skal ligge i botnen for arbeidet og engasjementet vårt.

Mat; me må sjølvsagt ha eit landbruk som driv med matproduksjon. Som verdas rikaste land er det moralskt og etisk uforsvarleg om me ikkje skal ivareta sjølvforsyningsgraden.

miljø; SP sin forvaltertanke er berkrafting sameksistens på lag med naturen. SP trur ikkje på osteklokkeprinsippet der me skal verne oss frå problema.

EU og EØS; Europa er prega av økonomisk uro og arbeidsledighet. EU har fjerna makt frå nasjonalstatane og dei demokratisk valde nasjonalforsamlingane. Me skal verne om dei demokratiske prinsippa og hegne om prinsippet om folkestyre. Det forklarar SP sitt syn på EU og EØS. Det er det norske Storting som gjer vedtak og ingen skal stå over den Norske Grunnlova.

Eldreomsorg; Me vil få ei eldrebølge. Korleis møte den? SP vil stø opp om den frivillige omsorga og gje pårørande omsorgsløn.

AP og SP er dei partia som har vært med å styre Noreg lengst etter krigen. Det har ikkje akkurat vært nokon fiasko!

Senterpartiet er godt i gang med å førebu haustens vakraste eventyr – stortingsvalet! Å drive valkamp er ein viktig del av demokratiet.

Ein ting er sikkert – valresultatet vert ikkje det som meiningsmålingane syner i dag. Det er vanleg at opposisjonen ligg høgt 8-9 mnd før valet slik me har sett i vinter. I 2009 var det "blått" eit år før valget. Så byrja bildet å snu. Folk må bevisstgjerast kva konsekvensar eit blå-blått styre vil vere. Me må alle vere aktive med i samfunnsdebatten.

Eg vil gje ros til 1.kandidaten vår  Beate! Ho har vist kva SP i Telemark vil. Beate har vært klar og tydeleg. Det kan synast vanskeleg å nå fram til folk, det er eit stortingsval der alle partia legg seg inn mot sentrum i norsk politikk. Derfor viktig å vere tilstade og sette dagsorden. Me må våge å bli upopulære hjå dei som ikkje stemmer på oss likevel. Men det er viktig å vere talspersonar for vår politikk. Då vil det vere velgarar som er ueinige med SP. Men målet er ikkje at alle skal vere einige med oss. Målet er å få ein 12 % til å gje oss sin tillit. I enkelte saker kan me oppleve å få stor merksemd av folk som er ueinige. Flott. Gå i debatt. For å få debatt må me synleggjere kva SP vil. Eg ser tilbake på denne vinteren med glede. Det har vært stor aktivitet i avisene rundt i fylket med engasjerte lokalpolitikarar. Fleire eg har snakka med har kommentert det. Det er synlighet. Synlighet. Synlighet. Bra jobba folkens! Fortsett med dette! Telemark Senterparti har tru på eit utjamningsmandat og plass på Stortinget! Det er lett og seie, men me må alle jobbe hardt heilt fram til 9.september! Dette er ikkje Beate sin jobb aleine – dette er det Telemark Senterparti som skal klare. Med eit godt lagarbeid så skal me få det til!

Senterpartiet har 8 år i regjering bak oss. Me har gjennom praktisk politikk vist kva me kan få til i ei raud-grøn regjering. Det er plattforma vår som me ber velgarane støtte og som vert utgangspunkt før ei ny forhandling om Soria Moria III.  Styrkeforhaldet etter valet vil påverke forhandlingsresultatet. SP har alltid søkt makt for å drive påverknad.

"Krigen" i sentrum vil ikkje avgjere valet 9.september. SP må ha ei aktiv haldning til dei blå-blå. Tre store saker som kjem i vår er Nasjonal Transport Plan, kommuneproposisjonen og Jordbruksoppgjeret og før sommaren må SP og SV få avklart to viktige saker for våre velgarar – motorferdsel og rovdyr.

For velgarane må vi gjere det klart at det er ein forskjell om det vert ei raudgrøn eller blå-blå regjering. Kva ynskjer velgarane innafor område som kommunestruktur, miljø, landbruk og eldreomsorg? Vil du ha bestemora di på anbod? Er det greitt at Noreg ikkje produserar eigen mat? Er det greitt at me borer i Lofoten? Dei to regjeringsalternativa vil gje to heilt ulike svar og føre til totalt ulike  kvardagar for folk.

Ei av hjartesakene til SP er samferdsel. Bondevik II lova lite på NTP og leverte enda mindre. Dei raudgrøne har lova mykje og overlevert. Det er den fyrste NTP som er levert slik Stortinget vedtok den og regjeringa har gitt enda litt meir. SP byggjer ekte veg og bane realisert av ekte pengar!

Bygderørsla som SP er ein del av har ei enorm kraft når den vert mobilisert. SP er einaste partiet som har eigen bygdepolitikk i programmet sitt. I dag la regjeringa fram ei melding på distriktspolitikk!

SP=bygderørsla AP=arbeiderrørssla SV=miljø/solidaritetsrørsla

Når dei raudgrønne mobiliserar til valkamp vil det vere store befolkningsgrupper som har store interesser av å vidareføre den raudgrønne regjeringa!

Mykje som står på spel ved valet. Spesielt for landbruket og matproduksjonen vil det skje store og dramatiske endringar om ei blå-blå regjering kjem til makta. På alle områder legg opposisjonen alltid på meir pengar enn regjeringspartia. Men for landbruket er det annerleis. Der vil dei blå-blå kutte milliardar. H har så langt synleggjort minst mogleg av sin politikk for neste periode. På eit område har dei vært tydelege heile tida. Landbrukspolitikken. Kutt i overføringane. Trugsel av tollvernet som regjeringa innførte for å sikre norsk mjølkeproduksjon. Ingen fransk eller dansk politikar vil snakke ned sitt eige landbruk. Det gjer dei to største opposisjonspartia i Norge.

No er mattryggleik blitt internasjonal politikk. Det er fortsatt ein veg å gå. Men det er ein bevissthet i regjeringa på at det er like naturleg å gjere nasjonale tiltak for mattryggleik som på klimakutt. Derfor kan me nå målsettinga om 20% auke i matproduksjon.

Eldreomsorg

Jonas Gahr Støre har utnemnd Liv Signe til med-helseminister. Det er ganske naturleg. I tillegg til å brenne for eldrepolitikken så er det naturleg at ho som kommunalminister syter for kommunane som er der dei eldre bur og skal få dei gode tenestene.

SP vil Styrke heimetenestene – her må det skje ein vekst. Noko av det viktigaste innafor eldreomsorga er kampen mot einsemd blant eldre. Auka fokus på rehabilitering som førebyggjande arbeid med ergoterapeutar som ein del av bemanninga i dei heimebaserte tenestene. Dei store institusjonane si tid er forbi. Eldrebølgja vil gje etterspørsel etter små institusjonar i nærmiljøet med kjøkken. Kommunane står overfor store bemanningsutfordringar. Det blir mangel på alt. Eit døme er helsefagarbeider. Dagens utdanningstakt er altfor låg og må mangedoblast. Skal ungdomane velje ei slik utdanning må statusen opp.

SP vil styrke den frivillige og familiebaserte omsorga. Til det krevast det ny pårørandepolitikk der kommunane må tilby avlastning og omsorgslønn. SP har i stortingsprogrammet tatt til orde for solidarisk samfunnsteneste – eit år i teneste - og tenker sletting av studiegjeld som eit tiltak for å få ungdom til å velje dette. Desse to punkta vil eg ha tilbakemelding på i generaldebatten. Dette vil det bli ein diskusjon om på Landsmøtet.

SP meiner enkeltmennesket er ein grunnleggande verdi. Eldre er ei samansatt gruppe. Stadig fleire av oss vert eldre enn våre foreldre. Gruppa av eldre aukar og alderspennet på eldre vert større. Dei aller fleste eldre er friske men vil i periodar ha behov for hjelp av det offentlege. Rask og god rehabilitering vert viktig for å ha god livkvalitet som senior. God og rett mat – og å kunne velje sjølv kva dei vil ha til middag vil mange av oss sjå på som ein menneskerett. Ikkje minst som eit gode som vil auke livskvaliteten. Kommunane må tenke bygningspolitikk – krav til universell utforming er naudsynt for at me som eldre kan bu lengst mogleg heime i eigen bustad. Det må tilretteleggast med kulturtilbod for å auke livskvalitet og for å skape møteplassar. Den frivillige innsatsen og bidrag inn mot eldre må støttast og tilretteleggast for. Ein stor jobb innafor eldreomsorg vert å arbeide for å unngå  einsemd. I  Danmark ser dei på eldre som borgarar og ikkje brukarar – det er god Sp-politikk i praksis!

Ikkje år til livet – men liv til åra!

Valkamp i Telemark – Telemark Senterparti har valgt samferdsel som sak 1 – me har sett store endringar under den raudgrønne regjeringa. Telemark er endeleg på samferdselskartet. Det er ei byrjing og me har mykje att. Å få løyst utfordringane med Eidangerparsellen var godt. Det er starten. Saman med bygging av Århus/Gvammen var det viktige signal å gje til innbyggjarane og næringslivet i regionen vår. Me har stor tru på den nye NTP og vidare satsing på Telemark. Men det er nødt til å skje noko med bypakke Grenland. Dette står eit samla Telemark bak. Store delar av innbyggjarane i Telemark bur og arbeider i Grenland, og der hastar det med å få til løysingar. Dette er noko fyllkesordføraren vår, Terje, er sterkt engasjert i. Beate som sit i samferdselutvalet har løfta samferdsel høgt på dagsorden. Og det var eit klokt og modig vedtak fylkestinget gjorde etter forslag frå Beate med å bruke 100 millionar ekstra til fylkesvegane. Me har fylkespolitikarar som tenker heile Telemark! Som fylkesleiar vil eg takke fylkestinggruppa vår for å drive med skikkeleg god SP-politikk!

Å få Beate på 1.plassen har vært ein fryd! Dama er stødig, erfaren og engasjert! Me skal alle vere med å arbeide for at Telemark får inn SP på benken att. Og me trur på Beate!

-93 fekk SP 16%. Kvifor? Sp saker var på dagsorden. Me må få debatt på dei sakene med våre verdiar. Kva er saken? Samferdsel. Terje har utnemnt Beate til vegkjerringa i Telemark. Stortingsvalet vert eit retningsval! Me må ta oppgjer med skjebnetrua! Sjølvsagt trur me på ei Soria Moria III! Ynskjer folk endring? Eller er dei misnøgde med at dei ikkje har fått nok og ynskjer seg meir? Er det det dei oppnår ved å støtte ei blå-blå regjering? Då får dei ingen ting.

Prosjektet=Senterpartiet     Virkemiddelet=Raudgrøn regjering

Natt til 10.sep skal bli ein fest!

Godt årsmøte!