Meny

Vi vil ha ballen

Sist endret: 16 03 2017
God næringspolitikk og god klimapolitikk heng saman. Klimautfordringane er ikkje berre begrensande, men gjev også store moglegheiter

Oppland har teke ballen som regjering og Storting spelte opp; det grøne skiftet og ein bioøkonomi som i neste omgang skal gjere oss klimanøytrale ved å skape berekraftig næringsliv og nye arbeidsplassar i ei grøn framtid. Vi har råstoffa til å løyse klimautfordringane.

God næringspolitikk og god klimapolitikk heng saman. Klimautfordringane er ikkje berre begrensande, men gjev også store moglegheiter. Gjennom ein bioøkonomi, ein sirkulær økonomi og med teknologiutvikling må vi skape morgendagens grøne arbeidsplassar. Alt som kan lagast av olje kan også lagast av skog og trevirke, men ei omstilling, ei teknologiutvikling og investeringsmiddel må til. Minst mogleg transport av råstoffa før foredling er god klimapolitikk og distriktspolitikk.

Både forskingsmiljø og utdanningsmiljø har sett fokus på omstilling til ei grøn framtid. Innovasjon Norge Innlandet støttar opp om ei bærekraftig omstilling i norsk næringsliv.  Dei har både finansiering og andre tenester for bedrifter som satsar på å løyse klima- og miljøutfordringar. NHO Innlandet påpeiker at  verda står overfor utfordringar knytt til klimaendringar, befolkningsvekst og urolege marknader. Kva rolle kan norske bedrifter spele for å løyse utfordringane og bidra til ei betre framtid? Korleis sikrar vi lønnsame arbeidsplassar og vidare vekst i Norge? Som Åge Skinstad, NHO Innlandet, sa i komiteen for Næring, miljø og klima: Innlandet må ta den gule ledertrøya!

Men kva skjer? Eg hadde store forventningar til statsbudsjettet, men der var det ikkje mykje å hente for ei omstilling til ei grøn framtid! For fylkeskommunen sin del får vi 25% mindre til regional utvikling, og det i ei tid der det nettopp er utviklings- og omstillingsmiddel vi treng!

Regjeringa  vil bruke 25 milliardar for å finne meir olje, men berre 50 millionar for å finne næringar som kan erstatte oljen. Vi i innlandet er klare til å erstatte oljen, men vi får altså ikkje drahjelp. Vi  har eit sterkt landbruk, vi har mykje skog, er store på bygg, anlegg og treindustri og vi har kompetanse, men vi manglar investeringsmiddel og rammevilkår som kan styrke både råstoffleverandørane, forskinga og bedriftsetableringane. Tenk om det kunne vore satsa 25 milliardar på dette? I slutten av oktober kjem den nasjonale bioøkonomistrategien og eg håpar verkeleg at det vil ligge noko meir der enn det som kom fram i statsbudsjettet, ellers blir det ein skral strategi for oss i Innlandet også dessverre!

Norge må inn i ei omstilling og da trengst det ei satsing på det private næringslivet for å gjere dei i stand til å ta ballen. Storting og regjering spelte opp ballen, vi tok den, men nå er eg redd regjeringa dempar ballen og sentrer den over til Vestlandet og ikkje til Innlandet.

 

Aud Hove, Senterpartiet

Komiteleiar Næring, miljø og klima