Meny
Bli medlem

Vil regjeringa ha landbruk i Sogn og Fjordane?

Sist endret: 16.03.2017 #Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Senterparti ynskjer at også vårt fylke skal medverke til auka matproduksjon til ei veksande befolkning, slik Stortinget har vedteke. Skal matproduksjonen aukast må ressursane i heile landet nyttast.

Vi ynskjer framleis den tryggaste og beste matkvaliteten i verda og eit aktiv landbruk i heile Noreg. Skal det realiserast må matprodusentane ha føreseielege vilkår for arbeidet sitt og inntekta må styrkjast. Norsk matproduksjon sikrer råvarer til den norske næringsmiddelindustrien og er med på å trygge tusenvis av arbeidsplassar.

Regjeringa sitt såkalla "tilbod" til matprodusentane er 800 millionar lågare enn det som vart lagt fram av den raudgrøne regjeringa og som førte til brot for to år sidan.

Etter regjeringa sitt framlegg i årets jordbruksforhandlingar er me uroa over fylgjene av regjeringa sin varsla landbrukspolitikk:

1.       Større og færre driftseiningar

2.       Endring i eigedomstrukturen

3.       Omsetnad av landbrukseigedomar utan priskontroll

4.       Endra folkesetnad med sentralisering og eigarar som bur langt frå sine landbrukseigedomar

 

Desse fire punkta medfører ei sentralisering av produksjon og folk.  Norsk landbruk er i internasjonal målestokk eit småskalalandbruk der Sogn og Fjordane vil bli hardast råka av den utviklinga som den Blå-blå Regjeringa legg opp til. 

Senterpartiet forventar at regjeringa på lik line med den raudgrøne regjeringa sikrar ei inntektsutvikling som minst er kronevis lik det andre grupper i landet har, og som vidarefører fjorårets oppgjer ved å redusere inntektsgapet og framleis sikrar matproduksjon i Sogn og Fjordane.

 

Fylkesstyret Sp Sogn og Fjordane, 12.05.2014