Meny

- Vil utsetje Helse Fonna-vedtak

Helse Fonna har vedteke å flytte A-posten ved Valen sjukehus til Haugesund. Toppe var i møte med føretaksleiinga og dei tilsette ved Valen sjukehus, og fekk høyre om prosessen fram mot vedtaket. Ho delar dei tilsette si bekymring for ei nedlegging av sjukehuset. Ho reagerer både på føretaksleiinga sine argument for flyttinga, og på at ein vil kutte i tilbodet på Valen før ein har bygd opp tilbodet i Haugesund. Ho vil sende ei bekymringmelding til helse-og omsorgsdepartementet.
 

Støttar Valen-tilsette, og vil sende bekymringsmelding til Helse- og omsorgsdepartementet

Vil utsetje Helse-Fonna vedtak:

Kjersti Toppe deler dei tilsette ved Valen sjukehus si bekymring etter Helse Fonna sitt vedtak om å flytta A-posten til Haugesund.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) er kritisk til Helse Fonna sine argument. – Føretaket tek ikkje kritikken innover seg og viser manglande forståing.

Måndag var Toppe på besøk på Valen sjukehus, der ho først var i møte med føretaksleiinga og så deltok på allmøtet for dei tilsette.
– Staten har fòre stygt med Valen etter at dei overtok, og ser ein på historia til sjukehuset forstår eg at dei fryktar ei sniknedlegging når dei tidlegare er blitt fråteken funksjonar. Bekymringane eg hadde blei ikkje mindre etter dette besøket, seier Toppe.

Ho vil sende ei bekymringsmelding til Helseog -omsorgsdepartementet der ho peikar på heile prosessen og detsiste vedtaket. – Å få vedtaket omgjort er vanskeleg, men håpet er at ein kan utsetja iverksetjinga av vedtaket. Eg meiner departement, styret i Helse Vest og Helse Fonna må gå gjennom heile vedtaket på nytt, og sjå på argumenta som er brukt og konsekvensar av vedtaket for fagmiljø og pasientar. Er det naudsynt? Men å hala ut vedtaket krev at fleire engasjerer seg og protesterer, både kommunepolitikarar og fylkespolitikarar