Meny

Ein betre skule?

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe og Marit Strand, stortingsrepresentantar Sp

Senterpartiet vil gjere det vi kan for ein betre skule, både i Hordaland og i resten landet. Diverre gjer regjeringa det tøffare å vere lærar i disse dagar, og med det også verre å vere elev. Tidleg etter Stortingsvalet la Senterpartiet fram eit forslag i Stortinget om at kompetansekravet til lærarane i skulen ikkje skulle ha tilbakeverkande kraft. Grunnlova § 97 seier at inga lov skal ha tilbakeverkande kraft, noko som er eit tydeleg bevis på at forslag med tilbakeverkande kraft får uvisse konsekvensar.

Likevel, forslaget vårt fekk ikkje fleirtal. Regjeringa får med støtte av Krf framleis avskilte tusenvis av lærarar i skulen, uansett kor nære dei er å oppfylle kompetansekravet eller kor lenge dei har jobba i skulen. På toppen av det heile kjem lærarnorma. Det er uklart korleis den vil slå ut og om den blir fylt med gode, kvalifiserte lærarar. Senterpartiet støttar mindre klasser og færre elevar per lærar, men har vore kritiske til ei norm. Norma gjev kommunar mindre handlingsrom og meir byråkrati. Dette gjev ikkje nødvendigvis meir læring for elevene. 

Regjeringa har i tillegg auka opptakskravet til lærarutdanninga, og auka lengda på sjølve utdanninga. Dette gjer at færre kan søke studiet, det tek lenger tid før dei som kjem inn får fullført, og det blir tøffare å fullføre. Sjølv om intensjonane med auka kompetanse hjå dei nyutdanna lærarane kan vere god, fryktar Senterpartiet at dette vil gje ein lærarmangel landet over. Difor har vi eit forslag der vi ber regjeringa legge fram ei stortingsmelding om rekruttering av lærarar, med tiltak for å sikre kvalifiserte lærarar i heile grunnopplæringa. Rekruttering av god lærarkompetanse til skular landet over er ikkje ein sjølvfølgje. Vi fryktar at lærarnorma vert enda eit sentraliserande tiltak frå regjeringa.

Slik sentralisering stressar distrikt i heile landet, og stressar kunnskapsløftet til elevane i skulen. Regjeringa gjer omfattande endringar på læreplanane, som stressar skular og lærarar landet over. Målstyringa av og mengda prøver i skulen forventar vi no at ikkje blir verre og fleire, men betre og færre. Arbeidet som er sett i gong, opnar moglegheiter. Vi håpar skular og kommunar landet rundt tek tak i arbeidet og gjev innspel til korleis dei meiner læreplanane bør vere. Det vi veit, er at presset som møter elevar, born og unge er for høgt. Psykiske og fysiske plager råkar stadig fleire born i stadig yngre alder. Vi er bekymra for korleis dei mange reformene i skulen går utover skulane, lærarane og elevane. Senterpartiet har no også lagt fram eit forslag om ein gjennomgang av 6-årsreforma, for betre å ivareta behova til dei yngste elevane. Kva slags effekt det har hatt for elevane at dei byrjar eitt år tidlegare på skulen enn tidlegare, veit vi lite om. Det må vi finne ut av.

Dette er blant forslaga vi har lagt fram for ein betre skule. Vi meiner regjeringa legg fram forslag etter forslag som ikkje er på elevane og lærarane sine premiss, men sin eigen feilslåtte ambisjon om læringstrykk og rangering. Vi vil ha gode skular med dyktige lærarar og elevar som får levd ut sitt potensiale i heile Hordaland og resten av landet.