Meny
Bli medlem
Grunnlova skal me feira og verna

Grunnlova skal me feira og verna

Når me nok ein gong må feira nasjonaldagen digitalt, saknar me båe å samlast rundt flaggstonga om morgonen. Musikkorpset som speler, koret som syng og stadig nye generasjonar som fortel historia om Henrik Wergeland og Grunnlova bind oss alle saman, skriv Navarsete og Bjørke.

Sist endret: 12.05.2021 #Hordaland#Sogn og Fjordane

- av Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant Senterpartiet, Hordaland og Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant Senterpartiet, Sogn og Fjordane

Den norske Grunnlova av 1814 var ei av dei tidlegaste i verda som bygde statsstyret på folkesuverenitetsprinsippet og maktfordelinga. Makta skal delast mellom den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makt. Stortinget er den lovgjevande, løyvande og kontrollerande makt. Regjeringa er den utøvande.

Nils T Bjørke bunad Stortinget.jpg
Nils T. Bjørk er visepresident og medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget

For å balansera makta har Stortinget eigne organ som driv kontroll med regjeringa. Det er Sivilombodsmannen, som vernar den einskilde borgar sine rettar mot forvaltinga. Det er Riksrevisjonen, som er Stortingets revisjonsorgan. Det er EOS-utvalet, som kontrollerar dei hemmelege tenestene. Og det er Stortingets ombudsnemd for forsvaret, som skal sikra rettane til dei ansatte i forsvaret. Desse organa skal vera uavhengig av forvaltinga og kunna pålegga forvaltinga å gje dei naudsynt informasjon.

Liv Signe Navarsete bunad.jpg
Liv Signe Navarsete er medlem av Stortingets utenriks- og forsvarskomite

Desse prinsippa var alle partia på Stortinget samde om då Stortinget utgreia kontrollfunksjonen i Harberg-utvalet. I etterkant går regjeringspartia og Framstegspartiet inn for å avgrensa kontrollorgana si tilgang til informasjon når lovforslaga for det einskilde organ skal avgjerast. Lova for sivilombodsmannen blir vedteke på tysdag. Her ligg eit forslag om at regjeringa skal kunna vurdera kva for informasjon ombodsmannen får sjå. Etter EOS-utvalet sitt arbeid med Frode Berg-saka ynskte me ei eiga lov om avgradering. Den gjekk fleirtalet mot. Etter Riksrevisjonen si undersøking om eksportkontroll, meinte både Riksrevisjonen og kontrollkomiteen at eit gradert vedlegg kunne avgraderast. Slik blei det ikkje. Forsvarsdepartementet ynskjer å avgrensa Ombudsmannsnemda for forsvaret sin tilgang på informasjon. Slik vert regjeringsmakta brukt til å avgrensa Stortinget sin kontroll. Det er eit inngrep i maktfordelinga.

I ei tid då demokratiet er truga i mange delar av verda, skal me hegna om vårt eige. Difor vonar me at Stortinget ikkje kjem saman den 18. mai og vedtek ei innskrenking i kva for informasjon Sivilombodsmannen får sjå. Det vil vera i strid med kven me er som land og folk.

 

Relaterte personer

Nils T. Bjørke

Stortingsrepresentant (Hordaland)
• 4. visepresident, Stortingets presidentskap
• Medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Rådgiver: Mona Paulsrud, [email protected], tlf: 414 37 049
Telefon: 23 31 33 98 Les mer

Liv Signe Navarsete

Stortingsrepresentant (Sogn og Fjordane)
• Medlem i Utenriks- og forsvarskomiteen

Rådgiver: Marie Lamo, [email protected], tlf.: 900 18 530
Telefon: 23 31 33 98 Les mer