Senterpartiet i Innlandet gjorde eit brakval i fylkestingsvalet i 2019 og fekk 16 representantar i det nye fylkestinget. Derfor treng vi å styrke laget.
– Vi er to store fylke som no skal lære kvarandre å kjenne, knyte kommunar og regionar saman og gjere best mogleg arbeid for heile fylket og for våre folkevalde på alle nivå, seier Aud Hove, fylkesvaraordførar i Innlandet.
Senterpartiet i Innlandet er veldig glade for å kunne fortelje at dei nå har politisk rådgjevar på plass for fylkestingsgruppa.
– Det er Marthe Lang-Ree, med røter i Stange og som bur i Øyer, som trakk det lengste strået. Vi hadde fleire gode kandidatar til stillinga, seier Aud Hove.
Frå og med 1. april 2020 vil Marthe vere støtte for politisk leiing for Senterpartiet i det nye fylket. Det blir mykje oppfylging og tilrettelegging for møteverksamheit og koordinering av det politiske arbeidet når politisk leiing skal prøve å vere til stades ute i fylket, nær folk. Marthe kjem frå Statens Vegvesen der ho jobba som kommunikasjonsrådgjevar. Ho bur på gard med gris og sau og har lang erfaring i Senterpartiet gjennom kommunestyret i Øyer.
– Vi er veldig glade for å få Marthe med på laget når vi nå skal fylgje opp fylkessamanslåinga og skal jobbe oss saman på kryss og tvers i Innlandet. Dette blir bra, avsluttar Hove.