Meny

Sjukehus og økonomisk kraft

Sist endret: 27 09 2020

Lørdag 15. desember debatterte Stortinget helsebudsjettet for neste år. Det var ein spesiell debatt. Regjeringspartia hylla regjeringa sitt forslag til sjukehusbudsjett for 2019. Det skal nemleg auka meir enn dei demografiske endringane, som det heiter. Det betyr at det skal bli ein reell vekst i pasienttilbodet til neste år. Avstanden er visst stor frå Karl Johan til Møre og Romsdal. Der skal Helse Møre og Romsdal HF kutte 200 årsverk . Ikkje på sikt, men som eit strakstiltak i 2019 for å spare pengar til nytt sjukehus, skriver Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Sp

Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal HF er alvorleg. Føretaket må låne pengar for å betale ut løn. Men dette gjer visst lite inntrykk på Stortinget. I helsedebatten svara regjeringspartia sine stortingsrepresentantar nøyaktig det same som helseminister Høie. Dei hadde sikkert fått tilsendt  dei same talepunkta. Situasjonen i Møre og Romsdal er styret og leiinga sitt ansvar. Helse Møre og Romsdal HF må sørge for forsvarlege tenester. Takk og lov at vi har helseføretaka, tenkte dei sikkert. Så slepp vi som er folkevalde på Stortinget å ta ansvar.

Og det var nettopp det dei gjorde. Men korleis er det mulig å vere folkevald på Stortinget utan å stå til ansvar for den situasjonen som no utviklar seg i våre helseføretak?  Det gjeld ikkje berre i Møre og Romsdal. Over alt er det liknande, om enn ikkje fullt så drastiske økonomiske situasjonar. Sjukehusa må spare og spare på drift, for å få råd til nybygg. Nybygga blir som oftast for små, for ein har ikkje råd til meire. Fullt brukbare etablerte  sjukehus, vert lagt ned. Det er pasientane dette går ut over. Så kvifor bryr ikkje Stortinget seg? Korleis kan helseministeren sleppe unna dette?

Helseminister Høie forsvarar tvert i mot det som skjer. Han meiner at det er økonomiske kraft i helseføretaket. Han meiner at dagens måte å finansiere sjukehus på, fungerer godt. Slik blir styra tvungne til å spare pengar på drift, for å få råd til å investere. Han er ikkje bekymra. Det er helseføretaket sitt ansvar å finne tiltak som gjer at innsparinga kan nås. Han er ikkje redd for at det skal gå ut over pasienttryggleiken om 200 årsverk forsvinn. Men korleis definerer han  økonomisk kraft når 200 årsverk må kuttast? Og kor i alle dagar  fins dei 200 årsverka som ikkje vil merkast av pasientane eller går ut over pasienttryggleiken?

Er det direktørene som skal misse jobben? Kommunikasjonssjefane? Eller sjukepleiarar, helsefagarbeidearar, radiografar og legar ? Det er i følge NRK sett ned ei ekstern kontrollgruppe som skal hjelpe leiinga i Helse Møre og Romsdal med å gjennomgå tiltaka med å kutte 200 årsverk. Ja, hjelpe meg. Det trengs vel . For det er vel ingen med hjarte på rette staden som kan gå inn i ein slik prosess med hovudet kaldt. Men oppdraget er klart. No skal innsparingene ikkje berre skje med forbetringar. No blir det endringar i tilbodet til pasientane.

Eg er  ikkje  overraska over situasjonen. Då Stortinget i fjor vedtok låneramme for nytt sjukehus i Møre og Romsdal , var Stortinget fullt klar over at lånet vart gitt utan at funksjonsfordelinga mellom sjukehusa var kjent, og utan at helseføretaket kunne vise til økonomisk bærekraft for nybygget isolert. Senterpartiet fremma difor forslag om å be regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein konkret plan for kva spesialisthelsetenestefunksjonar som skal vere i nytt sjukehus på Hjelset, og i Kristiansund, og korleis nybygget skal realiserast økonomisk utan at det går ut over pasienttilbodet.

Forslaget falt. Det fekk berre Senterpartiet sine stemmer. Men vi fekk rett. Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er ei varsla katastrofe. Innsparingskravet var og er urealistisk. No kjem rekninga. Stillingar må bort. Slik går det når sjukehusbudsjetta er knappe og helseføretaka vert drivne som konsern etter regnskapslova.  Slik går det når Stortinget abdiserer i sjukehuspolitikken, og ikkje tør å seie eit einaste ord om det som skjer, og ikkje tek ansvar for utviklinga av kanskje det aller viktigaste offentlege velferdstilbodet som vi har. Og som sjølvsagt er eit politisk ansvar.

Finansiering av investeringar i sjukehus er vesentleg endra etter at staten overtok spesialisthelsetenesta med innføring av føretaksmodellen. Føretaksorganisering med innføring i bruk av prinsippa i regnskapslova, skulle inspirerer til meir bevisst haldning til bruk av kapital. Medan større sjukehusinvesteringar tidlegare blei finansiert gjennom eigne statlege tilskot, er eit langt større ansvar no  lagt på dei regionale helseføretaka og helseføretaka.  Eg meiner at dette er feil. Situasjonen i Møre og Romsdal viser dette. Store sjukehusinvesteringar  bør sjølvsagt vere ein del av den nasjonale helse- og sjukehusplanen. På same måte som store samferdselseinvesteringar vert prioritert i nasjonal transportplan, NTP.

Norske sjukehus må styrast på ein annan måte enn i dag. Vi kan ikkje lenger ha det slik at folkevalde frå Møre og Romsdal ikkje står til ansvar for situasjonen i helsetilbodet i regionen. Vi kan ikkje ha det slik at landets helseminister ikkje står til ansvar for store kutt i pasienttilbodet, men svarar at dette er helseføretaket sitt ansvar.  Sjukehus må finansierast på same måte som eldreomsorg og skule, og det gjeld for investeringar også. Senterpartiet vil ta kampen om dette i Stortinget i 2019.  Sjukehus er politikk. Vedtak om større endringar i sjukehustilbod og investeringar  må fattast av organ som debatterer alternativa i opne fora og av politikarar kan stillast til ansvar for vala som blir gjort.