Gå til hovedinnhold

Sp med forslag om statlig vedlikehaldsprogram for fylkesvegane

Fleire rapportar om tilstanden til fylkesvegnettet syner at vedlikehaldsetterslepet har auka dei siste åra på denne delen av vegnettet. Det har fått fleire til å reagere. Senterpartiet fremja difor i dag representantforslag om eit statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet.

– Fylka har synt seg som gode vegeigarar etter at dei overtok store delar av det statlege vegnettet ved at dei innanfor sine rammer har prioritert vegbygging og vedlikehald høgt. Likevel var mykje av vegnettet som fylka overtok i dårleg stand, med stort vedlikehaldsetterslep som igjen har medført redusert investeringskapasitet for spesielt større, nye vegsamband, seier Ivar Odnes og Siv Mossleth, Sps representantar i samferdselskomiteen.

Odnes meiner den økonomiske ramma til fylkeskommunane burde vore auka, og syner til at Senterpartiet i fleire alternative statsbudsjett har sett av høgre rammer til fylkeskommunane, og at regjeringa har endra inntektssystema slik at nokre fylker med mange kilometer fylkesveg har kome dårlegare ut.

– Situasjonen no er så alvorleg at det er behov for eit statleg program for å auke vedlikehaldet i samarbeid med fylka. Senterpartiet meiner programmet kan innrettast som ei tilskotsordning der staten løyver eigne midlar til formålet, avsluttar Odnes og Mossleth.

Senterpartiet har difor fremja følgjande forslag i Stortinget:

– Stortinget ber regjeringa utarbeide eit program for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

– Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering som skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.

Heile representantforslaget finn de her.