Meny

Toppe: - Alle treng fastlegen

Sist endret: 27 09 2020

Fastlegeordninga er grunnmuren i helsetenesta. Den står for nesten 90 prosent av all aktivitet. No er fastlegeordninga i krise. Unge legar vegrar seg for å søke på ledige stillingar. Erfarne legar sluttar med tungt hjarte. Utviklinga har gått i feil retning dei siste åra. Før var rekrutteringssvikten eit distriktsproblem. No slit sjølv dei største byane, skriv Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson og stortingsrepresentant i Senterpartiet

 

Alle treng fastlegen. Difor trengs det handling. Det hastar med tiltak både på kort og lang sikt. Regjeringa har ikkje forstått alvoret i situasjonen. Fastlegeordninga er underfinansiert. Fastlegane sine arbeidsoppgaver har auka. Etter samhandlingsreformen blei innført, blir skrøpelege pasientar tidlegare utskriven frå sjukehus. Det er fastlegen som har fått ansvaret.

Mykje arbeid med attestar tar også tid. Som å skrive legeattestar til elevar i vidaregåande skule, som ikkje er bekymra for helsa si, men for fråværet sitt. Fastlegane handterer eit breitt spekter av oppgåver. Dei må få tid til å gjere den jobben som trengs. Det er både god samfunnsøkonomi og god medisin.

Statsbudsjettet for 2020 legg ikkje opp til naudsynt styrking av fastlegeordninga. Regjeringa vil komme med ein handlingsplan fyrst til våren. Ein handlingsplan til neste år er bra, men det hastar med konkrete tiltak no.

I alternativt statsbudsjett for 2020 føreslår Senterpartiet ei nasjonal satsing på fastlegeordninga, for auka rekruttering. Vi føreslår 400 nye allmennlegar i spesialisering(ALIS) til neste år. Liknande satsing på fastlegeordninga trengs òg dei neste åra.

Senterpartiet vil styrke fastlegeordninga i Norge. Det trengs ei opprydding i arbeidsoppgåver. Det trengs kortare listelengde. Det trengs betre finansiering. Og ikkje minst, det trengs fleire fastlegar. Dessutan må legevakt i større grad bli sett på som ein del av den faste arbeidstida. Arbeidsbelastninga må ned.

Ei slik satsing vil koste pengar. Men det vil koste meir å la vere. Sviktar fastlegeordninga, er vegen kort til private løysingar og eit todelt helsevesen i Norge. Det vil fyrst og fremst gå ut over dei mest skrøpelege og minst ressurssterke pasientane, med størst behov. Ei slik utvikling vil ikkje Senterpartiet ha.

5.desember er fastlegens dag. Utan fastlegeordninga stoppar Helse-Norge.