Meny

Vil ha omkamp om Vestland

Sist endret: 27 09 2020

Stortinget vedtok juni 2017 ny inndeling av det regionale folkevalde nivået. Den nye inndelinga skal gjelde frå 1.januar 2020. Nå varslar Senterpartiet omkamp.

Regjeringa har, etter stor folkeleg motstand, utsett prosessen med oppfølginga av stortingsvedtaket. Det er no stor sjanse for at vedtaket om å slå saman Buskerud, Akershus og Østfold til Viken , og vedtaket om å slå saman Troms og Finnmark, vert oppheva av Stortinget til hausten.

– Det er heilt naturleg at denne nye situasjonen får konsekvensar også for å stortingsvedtaket om nytt fellesfylke mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Dersom stortinget snur om regionsreforma på Austlandet og i Nord- Norge, må det også føre til at vedtaket om Vestland vert oppheva. Vedtaket om samanslåing er ikkje forankra gjennom folkerøysting og har liten oppslutnad, uttalar Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Sp frå Sogn og Fjordane.

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkesting hadde klare føresetnader då dei sa ja til intensjonsavtalen om eit nytt felles-fylke, Vestland. Fylkestinga føresette at regionsreforma ville gje den nye regionen nye, større oppgåver. Fylkestinga føresette også at regionsreforma blei realisert, og at tal på folkevalde regionar vart om lag ti.

– Ein heilt klar føresetnad for begge fylkestinga sine vedtak om intensjonsavtale, var at det faktisk blei ei regionsreform, og at det kom nye , større oppgåver. Vi hadde forventa at Stortinget og regjeringa tok dette på alvor, uttalar Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant for Sp frå Hordaland.

– Eg vil minne om at vedtaket om Vestland har eit knapt fleirtal bak seg i Stortinget. Både Ap, Sp og SV stemte i mot. Dersom no både Viken og Finnmark- Troms får fortsette som eigne fylke  og utan nye større oppgåver, vil det vere eit tap for fylka og folkestyret om  Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar vert lagt ned, avsluttar Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant for SP frå Hordaland.