Meny

Uttalelse fra Agder Senterparti

Å satse på norsk landbruk er noko av det luraste vi kan gjere med tanke på klima og miljø.

Agder Senterparti vil satse på skogbruket! Skogen i Norge bind opp mot 60% av dei norske CO2 utsleppa. Dette skjer fordi ein i Norsk skogbruk har satsa mykje på skogpleie for å få rask tilvekst av hogstklart virke så raskt som råd. Med moderne avvirkningsmetodar som tek omsyn til biologisk mangfald er skogbruket i Norge skånsamt, miljøvenleg og gjev eit stort pluss i klimaregnskapet.

 Agder Senterparti vil satse på jordbruket! Jordbruket i Norge har kutta utslepp og er noko av det mest miljøvenlege og effektive jordbruket i verda. Sidan 1990 har jordbruket kutta 4% av klimagassutsleppa. Det stopper ikkje der. Gjennom introduksjon av biodrivstoff, betre gjødselhandtering, endå betre og riktig bruk av kunstgjødsel og jordbearbeiding, vil utsleppa frå jordbruket i Norge bli kutta endå meir. Gjennom å bruke ressursane i utmarka syter og jordbruket for å oppretthalde kulturlandskapet og det gjev håp for ei lang rekke plantar og dyr (ikkje minst insekt) som er avhengig av det norske kulturlandskapet for å overleve.

 Agder Senterparti vil satse på fornybar energi og bærekraftige løysingar på eigen ressursar! Klimadebatten må handle om vekst og muligheter. Ved å få utvikle råvarene, forvalte jord- og skogressursene, vil landbruket bli en viktig bidragsyter i omstillingen til det grønne skiftet.