Meny

Me treng frivilligsentralar også etter 2020

Uttalelse vedtatt av fylkesårsmøtet i Agder Senterparti 07.02.20

Frå 2021 mistar frivilligsentralane sitt statlege driftstilskot. Tilskotet går inn i rammene og skal fordelast likt per innbyggar. Norges frivilligsentraler har bereikna at dette tilskotet vil utgjere om lag 35 kr per innbyggar. Det vil seie at alle kommunar med færre enn ca.  11 500 innbyggarar kjem tapande ut med den nye ordninga. Kommunar med få innbyggarar vil nærast miste sine overføringar. Til dømes vil ein kommune med 1700 innbyggarar få ei reduksjon frå 260 000,- kr til 60 000,- kr. Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å vidareføre lokal frivilligsentral innanfor desse midlane. Regjeringa meiner at kommunane skal løyse dette ved å ta midlar frå andre kommunale tenester, eller etablere interkommunale sentralar for fleire kommunar.

 

I ei tid med allereie svært pressa kommuneøkonomi, er det ikkje andre midlar å ta frå andre tenester som skule, barnehage og eldreomsorg. Det er derfor stor fare for at mange sentralar får redusert aktivitet eller blir nedlagd. Ei løysing med interkommunale sentralar vil gjere at avstanden mellom sentral og innbyggar aukar. Dette fører til at den lokale kjennskapen til frivillligsentralane som er så avgjerande for å få til godt samspel med frivillige fell bort.

Frivilligsentralane har vore ein suksess i svært mange kommunar. Vidareutvikling av samarbeid med frivillig sektor blir peika på som eit av dei viktigaste tiltaka for å handtere  utfordringar samfunnet har føre seg framover. Det er derfor ikkje til å forstå kvifor regjeringa samstundes vil gå for dramatisk reduksjonen av statlege overføringar frå og med 2021.

Agder Senterparti krev at midlar til frivilligsentralane må sikrast frå 2021. Me kan ikkje risikere at sentralane må konkurrere med midlar til andre kommunale teneste som barnehage, skule eller helse og omsorg. Me kan ikkje risikere at frivilligsentralar misser si lokale tilknytning ved at kommunar tvingast til å etablere interkommunale samarbeid.

Me treng frivilligsentralane også etter 2020!