Meny
Sau-landbruk-beite-mai-2018_41857737854_o

Me må ikkje byggje ned, men styrke utdanningstilbodet på Holt

I 2016 kunne den vidaregåande skulen på Holt stolt syne fram sin flunkande nytt fjøs. Spekka med nye og fornybare løysingar blei skulen framtidsretta og moderne. Skulen fekk sin eigen miljøpaviljong med fornybare ressursar. Med andre ord – skulen vart rusta til å møte framtida. Likevel ser ein at sentralisering fører til at stadig mindre og mindre av undervisninga vert lagt til Holt. Elevane vert transportert til Tvedestrand. Det meiner me er negativt, både i eit utdanningsfagleg -og miljøperspektiv.

Naturbrukslinjene har ei mykje større bredde enn rekruttering til landbruket. Grunnen til det er at skal elevane vidare til høgare utdanning innanfor miljøfag så er ei slik praktisk vidaregåande opplæring særs relevant bagasje å ha med seg i ryggsekken. Mange vel å ta ein praktisk veg til studiekompetanse. Det å forstå praksisen i møte med teorien er ein kompetanse ein berre kan få ved å vere elev på ein slik skule som til dømes Holt er. Denne kompetansen treng me i det framtidige Noreg, og her i Agder er me heldige som har denne mogelegheita å kunne gje elevane. Då må me ikkje byggje ned, men styrke!

Dessverre ser ein at sentralisering har ført til at elevane får meir og meir av teoriundervisninga i Tvedestrand. Ein vel å leggje til rette for å unngå flytting av lærarar, i staden fraktar ein elevane til Tvedestrand for teoriundervisning. Dette er, etter Senterpartiets syn, heilt motsett av det ein tenkjer er fornuftig. Ein prøver å samle teorifaga på særskilde dagar, slik at ein skal sleppe å frakte elevar oftare enn naudsynt til Tvedestrand. Dette gjer at teoridagane vert lengre og tyngre, og det bekymrar oss i Senterpartiet at dette vil gå ut over kvaliteten på opplæringa.

Har ein kort veg mellom praksisareala og teoriundervisningslokala er det jo naturlegvis enklare å kunne oppleve korleis teorien er i praksis. Ved å bruke klasserommet i i det nye fjøset, får ein raskt med seg kva som skjer. Skulle det vere kalving på gang kan elevane raskt delta eller observere situasjonen. Sit ein midt i praksisarealet kan ein spele på lag med naturen. Denne fridomen og moglegheita mister ein når ein må planleggje og bruke tid på å flytte elevane.

Er det noko det siste året har synt oss, så er det det at store utdanningssinstitusjonar med mange elevar ikkje alltid fungerer så bra. Covid-19 har minna oss på at me menneskjer også er ein del av naturen, og at skal me halde oss friske, så er det ein fordel å kunne spreie folk på ulike stader, enn å samle for mange på ein stad. Dette skal ein faktisk hugse på når me no skal tenkje vidaregåande opplæring i framtida.

Styrking av utdanningstilbodet på Holt meiner me bør innebere at ein kan tilby både praktisk og teoretisk undervisning på skulen. Dette er meir miljøvenleg, og ikkje minst vil det gje elevar som ynskjer seg ei praktisk yrkesutdanning eller ein praktisk veg til studiekompetanse, moglegheit til det.

Kristin Ljosland – fylkestingsrepresentant for Senterpartiet i Agder

Mailinn Stoveland – leiar av Senterungdomen i Agder