Meny
Bli medlem

Valgflesk om breiband

Sist endret: 27.09.2020 #Hedmark

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) serverer valgflesk få dager før valget.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) varslar breibandsgaranti over heile landet ved å innføre leveringsplikt frå leverandørane på 10 eller 20 Mbit per sekund.

Dette ser tilsynelatande bra ut, men det er for det fyrste for smått. Dette kan bli dekt gjennom 4G eller 5G og gjer ikkje at vi får fleire husstandar med breiband. Det stimulerer ikkje utbygging av breiband via fiber som kan gje innbyggarane 50 eller 100 Mbit på lik line med andre som har tilgang i dag.

For det andre hjelper ikkje leveringsplikt om ikkje infrastrukturen er på plass. Det blir som å si at posten har leveringsplikt til alle hus utan at vegen er på plass.

Vi treng ein infrastruktur for breiband med fiber som utgangspunkt. Vi treng ein digital europaveg, riks-, fylkes- og kommunalveg som når til alle innbyggarar vi har i vårt langstrakte land.

Ei leveringsplikt løyser ikkje dette!

Aud Hove, fylkesordførarkandidat Sp Hedmark og Oppland

Relaterte personer

Aud Gunnhild Hove, Innlandet

Aud Gunnhild Hove, Innlandet

Fylkesvaraordfører, Innlandet Telefon: 415 59 413