Meny

Askeland (Sp) stiller spørsmål kring EU-direktiv om tunnelsikre

Jon Askeland (Sp) har gjort undersøkingar kring EU-direktivet om tunnelsikring (Direktiv 2004/54/EC), og har fått svar om at det i Noreg vert nytta ei særnorsk tolking av direktivet. 

I Noreg har Samferdselsdepartementet, rundt 2003, bestemt at alle tunnelar som ligg på Europa- og riksvegnett skal vera omfatta av det aktuelle EU-direktivet. Dette har over tid og vorten utvida til å råka fylkesvegnettet. 

Det kan presiserast at dette gjelder tunnelar over 500 m.

Utfordringa med at dette har vorten førande frå Samferdsledepartementet, er det faktum at ‘EU-direktiv 2004/54/EC frå 29. april 2004 om minimums sikkerheitskrav for tunnelar innan det Trans-Europeiske vegnettet’ spesifikt gjeld for TNT eller ‘Transeuropien Network of Transportation’. 

Det vil seie at direktivet ikkje var meint å råke alt av europavegar og riksvegnett elles. 

Alt dette kjem ned til det faktum at Samferdsledepartementet har pålagt fylkeskommunane krav til fylkesvegnettet, i kraft av eit EU-direktiv som ikkje har noko med dette vegnettet å gjere.  

Jon Askeland (Sp) varsla difor at Senterpartiet på Stortinget vil spørje statsråden om eit kostnadsoverslag på kor mykje ekstrautgifter dette medfører for fylkeskommunane, og utfordra han på at staten skal dekke mellomlegget, eller generelt ta større ansvar for tunnelane. 

Link til det aktuelle EU-direktivet: Direktiv 2004/54/EC