Meny

Bli med på tur!

Alexander Fosse Andersen, 6. kandidat Vestland Senterparti

- Frivillige lag og personar gjer ein stor innsats for å halde turstiar i hevd og for å leggje til rette for nye. Me politikarar må stø opp under dette arbeidet. 

Eg har fått mange fantastiske naturopplevingar i sommar. Som lærar har eg mykje fri om sommaren og har høve til å bruke tid på lidenskapen min for fjellet og marka. Spesielt har fjelltoppar, stølar og andre turmål i nærleiken av hytta i Kvam i Hardanger fått mange vitjingar. Av og til treffer eg andre som er ute på tur, men oftast møter eg ikkje andre enn dyr på sommarbeite. Eg skal ikkje underslå at fred og ro i naturen har sin sjarm, men eg skulle ynskje at fleire kom seg ut på tur.

Ein viktig føresetnad for ein vellykka tur er god informasjon om løypestart og godt merkte turstiar.

Folkehelseundersøkinga for Hordaland i 2018 syner at godt over 60 % av dei spurde oppgir at tilgang til naturen og friluftsområde er viktig for å trivast i nærmiljøet sitt.

Eg trur ikkje situasjonen er veldig annleis i andre fylke. All logikk tilseier at betre informasjon om og merking av turstiar vil gjere det lettare for fleire å kome seg ut på tur. Dei siste åra har mange turstiar blitt godt merkte, men dette i seg sjølv er ikkje nok. Turstiar må haldast ved like, ein må utarbeide informasjon om turstiane og kart må vere oppdaterte. Eg er sikkert ikkje den einaste som har opplevd at det som skulle ha vore ein merkt tursti, har grodd att eller at merkinga har vorte slitt bort.

Heldigvis legg frivillige lag og personar ned ein stor innsats for å halde turstiar i hevd og for å leggje til rette for nye. Me politikarar må stø opp under dette arbeidet. Politikarar skal ikkje vedta kor det skal merkast, det klarer lokale idrettslag, friluftsråd, turlag og grendalag i samarbeid med grunneigarar å ta seg av. Men dette arbeidet er ikkje gratis, difor må politikarane bidra med ressursar til informasjon om turstiar og merking og vedlikehald av dei.

Senterpartiet ynskjer ein aktiv friluftslivpolitikk som bidreg til at fleire kjem seg ut i naturen. Turstiar og dagsturhytter er gode døme på kva ein aktiv friluftslivpolitikk kan vere og korleis ein kan samarbeide med frivillige lag og organisasjonar, kommunar og andre aktørar for å leggje til rette for meir friluftsliv. Difor ynskjer Vestland Senterparti og eg å vidareutvikle og styrkje dette arbeidet i åra som kjem. I mellomtida får kvar og ein av oss vere ambassadørar for friluftsliv ved å bruke turstiane og få med oss fleire ut i naturen.