Meny

Desse er ønska på topp for Hordaland Senterparti

Nominasjonsnemnda i Hordaland Senterparti er klare med sitt forslag til topp-kandidatar for Stortingsvalet 2021.

Nominasjonsnemnda føreslår desse seks som topp-kandidatar til Stortingsnominasjonen for Hordaland Senterparti,  her i uprioritert og alfabetisk rekkjefølgje:

  • Jakob Bjelland (fødd 1972) sivilingeniør, Stord
  • Nils T. Bjørke (fødd 1959) stortingsrepresentant, Voss
  • Chase Aleksander Jordal (fødd 1992) offiser, Bergen – Senterungdommen sin kandidat
  • Hans Inge Myrvold (fødd 1985) ordførar, Kvinnherad
  • Sara Hamre Sekkingstad (fødd 1993) ordførar frå  Alver
  • Kjersti Toppe (fødd 1967) stortingsrepresentant frå Bergen.

Alle lokallaga, Senterkvinnene og Senterungdommen i Hordaland har sendt inn sine forslag til kandidatar til Stortingsvalet. Dette er grunnlaget for nemnda sitt forslag til aktuelle topp-kandidatar.

- Basert på innspela i første runde har me hatt samtalar med dei som fekk flest oppføringar frå lokallaga og Senterungdommen sin kandidat. Me har difor valt å føreslå seks dyktige kandidatar som alle vil bidra til å gjera ein god jobb for Senterpartiet og regionen. Dei seks kandidatane er føreslegne i uprioritert rekkjefølgje, og nå er det vidare opp til lokallaga å ta stilling til rekkjefølgje på plassane og korleis lista skal sjå ut, seier leiar av nominasjonsnemnda Solfrid Borge.

Innan 1. september skal lokallaga i Hordaland Senterparti rangera kven dei ønskjer på dei ti øverste plassane på Stortingslista. Deretter vil prosessen halda fram med å setja saman den fullstendige lista som skal bestå av totalt 22 namn. Den endelege lista skal avgjerast på nominasjonsmøtet 5. desember. 

- Det viktigaste er at me får ei liste som har solid forankring i Hordaland Senterparti, og som har ei god breidde av kandidatar, både geografisk, i alder og når det gjeld bakgrunn og erfaring. Senterpartiet er viktigare enn nokon gong, og me har ei viktig oppgåve føre oss. Me går for regjeringsskifte med eit sterkt Senterparti i bresjen, og med eit solid lag frå denne regionen, seier Borge.

Desse sit i nominasjonsnemnda:

  • Solfrid Borge – leiar
  • Alexander Fosse Andersen, nestleiar
  • Mikal Leigland
  • Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
  • Rune Skjelaaen
  • Solveig Dale Rong (fast møtande 1.vara)
  • Knut Olav Alhaug, Senterungdommen
  • Kjersti Haugland, Senterkvinnene