Meny
Bli medlem
Det er veljarane som avgjer politikken!

Det er veljarane som avgjer politikken!

Synsing, taktikk og spel om posisjonar verkar å vera Høgre sitt forsøk på å få redusert merksemd om regjeringa sin politikk. Senterpartiet ynskjer debatt om dei politiske sakene, ikkje politisk spel.

Sist endret: 16.11.2020 - Nils T Bjørke, Stortingsrepresentant for Senterpartie #Hordaland

Det er tydeleg at Høgre ikkje ynskjer merksemd om regjeringa sin politkk og verknadar av den. Ove Trellevik prøver seg i Avisa Hordaland som spåmann før valet neste år og om kven som vert avhengige av kven. Slik synsing, taktikk og spel om posisjonar verkar å vera Høgre sitt forsøk på å få redusert merksemd om regjeringa sin politikk.

Dei siste fire åra har me sett at det sitjande Storting har ført med seg fire ulike borgarlege regjeringar med ulike parti. No tek den nye leiaren i Venstre til orde for ei mogeleg femte utgåve ved å invitera MDG inn i det borgarlege samarbeidet.

Senterpartiet har kjempa for K5 og er tydelege på at i samferdsel må liv og helse koma først. Eg må minna Trellvik om at dei einaste partia i Vestland fylkesting som ikkje sette K5 først var Høgre og FrP. Senterpartiet har stemt i mot auka drivstoffavgifter som denne regjeringa har innført.

Senterpartiet har arbeid for at reiselivet skulle få ha 6 % MWA i heile 2020 og 2021, og utvida kriselåna frå 3 til 6 år. Her burde regjeringa sikra reiselivet gjennom langsiktig og forutsigbar politikk framfor å koma med kortsiktige utspel mynta på forhandlingar i Stortinget som skapar usikkerhet i næringa.

Senterpartiet vil styrka landbruket og sikra ein variert bruksstruktur der bruk av innmark og utmark vert meir lønnsam. Me ville ta vare på pelsdyrnæringa, ikkje gje den i morgongåve til Venstre. Sp vil ha rask uttak av skadedyr i beiteprioriterte område for å sikra beitebruk i heile landet.

I desse sakene og mange andre er Senterpartiet klare på kva vi vil. Senterpartiet ynskjer å ta vare på lokale tenestetilbod der folk bur, ikkje sentralisering for sentraliseringa sin eigen skuld, slik dagens regjering driv på med. Senterpartiet ynskjer eit variert næringsliv over heile landet der me utnyttar alle dei ressursa dette landet har. Då treng folk tryggleik for liv, helse og beredskap der dei bur.

Senterpartiet er på same måte som Høgre i gang med programarbeidet, der heile partiet får koma med sitt syn, før årsmøtet gjer endeleg vedtak. Programmet er eit utgangspunkt for debatt. Debatten skal me ha i valkampen. Så er det opp til veljarane å setja saman det nye Stortinget. Slik avgjer veljarane kva for parti som kjem til å samarbeida. Det er eit betre demokrati enn å dra PR-rådgjevarar inn i regjeringsapparatet, og å prøva å få debatten til å handla om politisk spel.

 Senterpartiet ynskjer debatt om dei politiske sakene, ikkje politisk spel.

Denne artikkelen ble først publisert 09.10.2020