Meny

E134 må oppgraderast!

Fylkesordførarkandidat Jon Askeland, Sigrid Brattabø Handegard (3. kandidat) og Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (8.kandidat)

Gjennomsnittleg trafikkerer 1400 køyretøy E134 over Haukelifjell i døgnet. Av desse er 22 prosent vogntog. Det gjer strekninga til ein av dei traseeane aust-vest med høgast andel godstrafikk.

Oppgraderinga av strekninga er langt på overtid og Vestland Senterparti er tydelege på at E134 Haukelivegen må bli prioritert i Nasjonal Transportplan (NTP):

Strekninga Bakka - Solheim,  og ny tunell Seljestad - Røldal må på plass snarast.

Vidare må samferdselsministeren og regjeringa straks bestille ei utgreiing for arm til Bergen.

I påvente av ny E134 er store areal bandlagde, og set dermed ein stansar for næringsutvikling i fleire kommunar langs Haukelivegen.

Næringsliv både på aust- og vestlandet er også heilt klare i talen: E134 er den føretrukne og mest samfunnsnyttige åra mellom aust og vest.

Haukelivegen er avgjerande for å sikra eit framtidsretta vegnett.

Vestland Senterparti skal kjempa for ein oppgradert E134: ei trygg og framtidsretta vegløysing for både privatbilistar og næringsliv i store delar av Sør-Noreg.