Meny
2

Ei skjebnereform for vidaregåande skule

Regjeringa la nyleg  fram Fullføringsreforma for vidaregåande utdanning( Meld.St.21 ( 2020-2021). Målet er at ni av ti elevar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring i 2030. Tiltaket til regjeringa er å kutte i fellesfaga. Vekk med historia, geografien, gymmen og religionen. 

Regjeringa vil erstatte desse med nytt fag som skal handle om demokrati, likestilling og vitskapleg tenkemåte. Då kunnskapsminister Guri Melby (V) la fram meldinga, sa ho at dei gamle fellesfaga er dømer på mindre fag som regjeringa vurderer som nyttige kvar for seg, men at dei heller vil prioritere fag som er nyttige for alle å ha med seg. At Melby seinare orsaka at ho omtala desse faga som «mindre», hjelper lite. Ho la fram ei stortingsmelding som klårt og tydeleg omtalar  desse faga som ikkje nyttige for alle. 

Ein bør eigentleg ikkje vere overraska.  Meldinga er lagt fram av ei Høgre – regjering som i alle år har fronta ein skule der dei såkalla basisfaga lesing og skriving, matematikk og engelsk skal vere dei «viktige» faga.  Resten er ikkje så fare med. Fokuset på nasjonale prøvar  og OECD sine PISA- testar har alt for lenge fått forma og minimert grunnskulen sitt samfunnsoppdrag. Denne trenden er no på veg inn i vidaregåande. No skal dei «mindre» faga ikkje berre bli nedprioritert, men heilt fjerna som fellesfag.  At utdanningspolitikarar og statsrådar frå dei andre regjeringspartia prøver å dekke over med at dei berre vil kutte «litt» i fellesfaga, står ikkje til truandes.

Det er eit paradoks når regjeringa brukar FNs bærekraftmål - om å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme muligheit for livslang læring for alle, som argument for Fullføringsreforma. For FNs Utdanning 2030, leia og koordinert av UNESCO, vektlegg ganske andre utdanningspolitiske verdiar, enn det regjeringa gjer. I staden for å innsnevre dei allmenne kunnskapsfaga, legg ein i Utdanning 2030  vekt på prinsipp som menneskerettar og menneskeverd, og det å anerkjenne utdanning som grunnleggande for fred, toleranse og berekraftig utvikling. Regjeringa kuttar i fag som representerer slik læring.

Dersom mindre fellesfag verkeleg kan hindre fråfall, kvifor er fråfallet i dag størst på yrkesfag,   som har kutta i fellesfaga?  Kva med å heller ta tak i det viktigaste fyrst, nemleg mangel på læreplassar? Regjeringa seier heller ingen ting om konsekvensane av ei slik reform. Meiner regjeringa at den komande generasjonen, som skal løyse klimakrisa, skal klare det utan å ha ei felles forståing av naturfag? Meiner dei at ungdommen som skal møte eit stadig større kulturelt, religiøst og anna mangfald, ikkje skal ha felles kunnskap om korleis vi kom hos hit? At dei skal møte framtida historielause?

Demonteringa av norsk skule har allereie fått gått for langt. Allmenndanning og kritisk tenking er erstatta av nyliberalistisk tenking og prioritering av det målbare. No skal også elevar i vidaregåande strømlinjeformast og  marknadstilpassast.  Eleven skal  velje meir sjølv, for å  bruke større del av tida på fag som er store og treng rom for fordjupning. Faga som kan veljast vekk, er fag som er heilt grunnleggjande for å forstå fortida, tolke eiga samtid og handtere framtida. Regjeringas Fullføringsreform, må ikkje fullførast. Den må få «ikkje bestått» av Stortinget. Regjeringa må få oppgåva i retur.

 

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet