Meny

- Ferja skal gå!

På måndag aksjonerer me for å oppretthalda ferjeavgangane. Ei rekkje kommune- og fylkespolitikarar skal trafikkera ferjestrekningane i Sunnhordland.

Meldinga frå Senterpartiet er klar: Ferja skal gå - regulariteten skal oppretthaldast.

Me aksepterer ikkje at kollektivtilbodet blir bygd opp i byane, medan ferjetilbodet blir svekka i distrikta. Me står alle saman om miljøvennlege ferjer, som vil gje stor klimagevinst. Likevel godtek me ikkje at distrikta tek kostanden for dette.

Senterpartiet har vore med på å styrka kollektivsatsinga i byane, noko som har vore heilt naudsynt og som me er stolte å ha vore med på.  Men me må ha to tankar i hovudet samstundes, og nå er det dei viktige ferjeavgangane i distrikta me må kjempa for. Å oppretthalda ferjefrekvensen i distrikta er heilt avgjerande, og det er der slaget står i dag.

Måndag vil ei rekkje kommune- og fylkespolitikarar frå Senterpartiet i Vestland ta ferjeturen på fleire ferjeruter i Sunnhordland.

Dette gjer me for å markera vårt standpunktet i saka, og for å møta dei som vil komma til å kjenna på følgjene av eit slike kutt i avgangar.

Senterpartiet er realpolitikarar:  Det er betre om nokre av ferjene går med 90 % redusert klimautslepp og opprettheld frekvensen, i staden for 100 % reduksjon og færre avgangar.

Me vil vera med på grøn omlegging, men dette kostar. På kort sikt må me finna ei løysing for å oppretthalda avgangane. På lang sikt må regjeringa bla opp dei naudsynte midlane for at me kan leggja om til klimaeffektive løysinga utan at det skal kosta innbyggjarar i distrikta naudsynte samferdselstilbod.

Jon Askeland – fylkesordførarkandidat
Sigrid Brattabø Handegard - 4.kandidat
Jostein Ljones - leiar i Hordaland Sp
Benthe Bondhus - medlem i fylkesutvalet
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim – ordførarkandidat i Etne
Hans Inge Myrvold – ordførarkandidat i Kvinnherad
Arne Leite – ordførarkandidat på Tysnes
Jakob Bjelland – ordførarkandidat på Stord

Du kan møta oss på desse ferjene: 

  • Ferje frå Hodnaneset, kl 09.00
  • Til Jektevik, kl 09.30
  • Ferje frå Skjærsholmane, kl 11.45
  • Til Ranavik, kl 12.20
  • Ferje frå Utåker, kl 13.55
    Til Skånevik, kl 14.14
  • Retur frå Skånevik, kl. 14.30
    Til Utåker, kl 14.50
  • Ferje frå Årsnes, kl 16.40
    Gjermundshamn, kl 17.00