Meny

Ferjene skal gå

Hordaland Senterparti

Senterpartiet er skuffa over at ein ikkje fekk banka gjennom ferjesaka i fylkesutvalet i dag.

Saka me fekk på bordet var mangelfull, og kunne ikkje gi oss dei svara me måtte ha for å gjera vedtak. Det låg framleis inne store kutt. Nokre var synlege, andre var ikkje gjort greie for.

Mellom anna fekk me ikkje informasjon om kvar ein skulle ta pengane frå for å oppretthalda ferjetilbodet, og prislappen varierte frå 10 til 60 millionar.

Men kosta kva det kosta vil - ferjetilbodet skal oppretthaldast.

Likevel må me som eit ansvarleg parti vita kor me skal finna desse pengane, då me må vita konsekvensane av kvar me tek midlane.

Diverre fekk me ikkje den informasjonen me hadde bestilt om dette i dag, og til stor skuffelse måtte me difor utsetja saka.

Ferjetilbodet skal oppretthaldast!