Gå til hovedinnhold

FNs internasjonale miljødag 5.juni

5.juni er FNs internasjonanle miljødag, dagen markerast for å øke bevissthet om miljøspørsmål og årets tema er biologisk mangfold. I Senterpartiet har vi markert dagen med stands og andre arrangement rundt om i heile landet i mange år. Men i år er situasjonen spesiell, vi får ikkje markere dagen slik vi har gjort før. Men dagen er like viktig no som før, om enn ikkje viktigere. 

Nærmere ein milion plante- og dyrearter står i fare for å bli utrydda. Dei fem største årsakene til tap av artsmangfold er menneskelig aktivitet. Vårt behov for mat og ressurser fører til avskoging og destruksjon av naturlige habitat kor artane trivast. Klimaendringer, forurensing og overutnyttelse av ressurere spiller og ei stor rolle.

I dagens samfunn kor vi samler plast i tonnevis i fjæra, kor mikroplasten er blitt eit stort problem i verdenshavet. Ein finn plast i fisk og skalldyr. Plast er eit stort problem for alle levande organismer.

Det biologiske mangfaldet er viktig for at vi skal kunne m.a dyrke frukt og bær. Vi trenger bier og humler til å pollinere blomstrane. Det biologiske mangfaldet er viktig for at heile økosystemet skal virke, om ikkje det virker vil økosystemet falle sammen. 

I samband med miljødagen har Senterpartiet og støtta andre organisasjoner. No har Senterpartiet inngått ei avtale med Utviklingsfondet. Senterpartiet samler inn penger som uavkorta går til Senterpartiet og utviklingsfondets prosjekt i Nepal. Prosjektet finner sted i Dang-distriktet, sør-vestlig område i landet kor det ikkje finnes så mange andre bistandsorganisasjoner. Området er utsatt for både flom og lange tørkeperioder. Nepal er prega av gjentakande naturkatastofer som flom, jordskjelv og skred. 68% av befolkningen får si inntekt gjennom landbruk, og som utgjer 34% av landets brutto nasjonalprodukt. Målgruppa for prosjektet er dei fattige småskala bønder på landsbygda. Målet er hjelp til sjølhjelp. Når fattige familier produserer nok mat kan dei selge overskott mat, og mulig inntekt vil gjere det mulig for barna å gå på skule og få medisinsk behandling om dei vert sjuke. Uviklingsfondet hjelper bønder med å tilpasse seg eit klima i endring, og lære dei korleis ein kan produsere nok mat utan å ødelegge naturen.

Senterpartiet samler inn på samlinger ein har til dette formålet og for kvar krone som kjem inn gir staten 9 kroner. Om ein vil støtte prosjektet kan ein lese meir om det på sp.no og ein kan vippse ein sum ein vil til 506624. Det er ei god hjelp på veien.

les meir om prosjektet her!