Odda sjukehus må ha akuttkirurgisk tilbod
Hordaland Senterparti krev at Stortinget tek ansvar. Odda sjukehus må sikrast akuttkirurgisk tilbod, akuttfunksjon i indremedisin, anestesilege i døgnvakt, planlagt kirurgi, beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering, og handtering av akutte hendingar.
Frå Odda sjukehus er det lang avstand til næraste traumesenter. Turismen og talet på traumealarmar er aukande. Odda- området har avstandar, vêrtilhøve og stengde vegar som gjer det er utrygt og fagleg uakseptabelt å avvikle akuttkirurgien. Ei prosjektgruppe i Helse Fonna har likevel tilrådd å ikkje oppretthalde døgnkontinuerleg akuttfunksjonar ved sjukehuset i Odda og føreslår at akuttkirurgien vert avvikla.
Hordaland Senterpartiet meiner prosjektgruppas tilrådinga vil vere starten på slutten for Odda sjukehus. Å la indremedisinar og anestesilege stå aleine igjen i akuttmottaket, vil gje eit dårlegare pasienttilbod og svekka beredskap ved skader og ulykker. Det vil forverre rekrutteringa av legespesialistar og turnuslegar til Odda sjukehus.
H- og FrP-regjeringas sentraliserande sjukehusplan vart vedteken i Stortinget våren 2016 med Venstre sine stemmer. Arbeiderpartiet slutta også opp om prinsippa i planen. Hordaland Senterparti meiner Venstre og Arbeiderpartiet no har eit særskilt ansvar for å gripe inn på vegne av Odda sjukehus. Stortinget kan stoppe ei avvikling av akuttkirurgien ved Odda sjukehus dersom Helse Fonna går vidare med planane.
Sjukehusa i Odda, Stord og Valen er tilknytt Helse Fonna. Sjukehusa behandlar pasientar frå Hardanger og Sunnhordland. Haukeland Universitetssjukehus er næraste nabo, og tilbyr behandlingar og spesialisttenester som dei nemnde sjukehusa ikkje støttar i dag. Hordaland Senterparti vil styrke dette samarbeidet og la sjukehusa inngå i ein nettverksmodell. Det er naudsynt med ein ny føretaksorganisering om dette skal lukkast.
--
Ja til nærpoliti – stopp raseringa av politiet!
Hordaland Sp forventar at politiet skal førebygge og hindre kriminalitet, og skape tryggleik for befolkninga. Hordaland Sp kan ikkje akseptere ei massiv sentralisering av polititenesta.
Stortinget har mot Senterpartiet sine stemmer vedtatt ein «nærpolitireform». Politidistrikt er slått saman og mange lensmannskontor i heile landet skal leggast ned. Vest politidistrikt har slått alarm om ressurskrise og varslar kutt opp mot 140 årsverk for å finansiere reforma. Det vil gå ut over etterforskinga av vinningskriminalitet , vakt – og beredskap.
Milliardar til politiet kjem ikkje ut dit politiet er, og altfor mange nyutdanna politi får ikkje jobb i politiet. I ei undersøking blant leiarar og tilsette i politiet, svarar heile 86 prosent at «nærpolitireforma» vil føre til sentralisering av ressursar. Mindre enn 20 prosent var einig i at reforma ville bidra til meir kriminalitetsførebygging.
Hordaland Sp meiner at Politidirektoratet skal leggjast ned, og ressursane og oppgåvene flyttast ut.
Hordaland Sp krev at Stortinget stoppar heile politireforma, og innfører ei reell nærpolitireform med kutt i byråkrati og i sentral leiing. Vakt og beredskap og lokal politikraft må prioriterast gjennom følgjande tiltak:
- At alle lensmannkontora får auka ressursar og vekst i årsverk.
- At alle lensmannskontor får behalde personal- og økonomiansvar for å hindre sentralisering av ressursar.
- At alle lensmannkontor som hadde ansvar for utlendingsforvaltninga, får tilbakeført denne. Utanlandske arbeidarar må sleppe å reise til Bergen sentrum for å få arbeidstillating og skattekort.
- At responstider må gjelde for kvart lensmanndistrikt.
- At det enkelte kommunestyre si meining om lensmannskontoret i kommunen må vere førande.
- At dei tilsette i politi- og lensmannsetaten får påverke og legge premissane for ei reell reform av politiet, som sikrar nærpoliti ved ny organisasjon, kultur og leiing.