Meny

Framtida ligg i havet!

Sigrid Brattabø Handegard, 4. kandidat Vestland Sp

Vår tids viktigaste saker er mat og miljø ! Dei heng nøye saman.

Me vert fleire og fleire folk på jorda. I følgje FN må matproduksjonen auka med 60-70 prosent fram til 2050. Me har eit ansvar for å utnytta våre ressursar både på jord og i fjord, til å vera mest mogeleg sjølvforsynt med mat.

Det er ein usikker øvelse å stola på at butikkane vil forsyne oss med det me treng, i ei tid der klimaendringane vil ha større og større betydning for ulike land si evne til både å produsera mat, og store folkemengder kan verta drevne på flukt.

Så må sjølvsagt også maten produserast på ein mest mogeleg bærekraftig måte, men all aktivitet set fotavtrykk i miljørekneskapen.

Ein må i miljødebatten våga å vera tydeleg på kva som er primærbehov, og kva som er « kjekt å ha». Mat må som kjent alle ha !

Berre to prosent av det me et kjem frå havet. Her har Norge eit stort potensial. Norsk oppdrettsnæring er av FAIRR ( Farm Animal Risk and Return) kåra til verdens mest bærekraftige matprodusent vurdert utifrå utslepp av drivhusgass, svinn i produksjonen, vatnforbruk, antibiotika, dyrevelferd, arbeidsforhold og matvaresikkerheit.

Denne kunnskapen er underkommunisert, men viktig i å utforma framtidas matpolitikk.

Pr. 1.01.19. stod det 773 000 tonn fisk i merdar langs Norskekysten, matlager for eit halvt år.Dette er også ein viktig del av vår matberedskap.

Næringa skal utviklast vidare. Senterpartiet skal vera garantisten for at det ikkje skal innførast ekstra statleg skatt, grunnrente, på fisk frå havet.

Me vil leggja tilrette for at havbruksnæringa kan produsera meir mat, og at det vert fleire arbeidsplasser langs kysten i Vestland !

Sp sin fokus er bærekraft, rekrutering og gode utdanningsløp, sikra nødvendig areal og økonomisk kompensasjon til lokalsamfunna.

Kofi Annan sa om havbruk: « Forsett med det, men gjer meir av det !»

Klokt sagt!