Meny

Fråsegner frå årsmøtet 2019

Eit klima for fremtida

Klimaendringane påverkar kvardagen vår.  Me er i ferd med å legge bak oss gårsdagens klima og går inn i det nye klimaet som er grundig varsla gjennom arbeidet til FN sitt klimapanel.  Turke, flom og ekstremver er alt her og gjer at me både må arbeide hardt for å redusere klimautslepp, men også tilpasse oss endra klima. Hovudårsaka til klimaendringane er bruken av olje, kol og gass, og me treng ei storstila omlegging frå svart til grøn karbon, frå fossil til fornybar energi og å utvikle nye teknologiske løysingar. Vestlandet har naturressursar, kompetanse og dyktige menneske som kan nytte dei rike ressursane og snu klimautfordringane til nye næringsmoglegheiter. På den måten skal me styrke norsk næringsliv innafor framtidsretta næringar, noko som kan gje teknologi og produkt me både kan nytte sjølv og eksportere.

Hordaland Senterparti meiner nedanståande klimapolitikk skal gjelda for Vestlandsområdet, og at tiltaka må takast inn i partiets nasjonale program før neste stortingsval.

• Auka satsing på fornybar lokal kraft til el-produksjon i småskala. Både vatn, sol og vind.

• Satsing på bioenergi til varme, og biogassproduksjon til drivstoff.

• I samarbeid med primærnæringa bidra til at jord- og skogbruk blir ein sentral del av løysinga innanfor omlegging til grønt karbon.

• Tilretteleggje for at landbruket når sitt sjølverklærte mål om å bli fossilfri innan
2030, og bidra til val av klimavennlege løysingar knytta til mellom anna maskinpark, teknologi, jordbomarbeiding og husdyr.

• Bidra til forskning og utvikling av proteinkilder til fôr som kan erstatte importert soya.

• Auka bruk av tre som byggjemateriale. Det offentlige må gå føre som eit godt eksempel.

• Behalde monalege fordelar for EL-biler og andre nullutsleppbilar, samtidig som me ser trongen for at dei betaler i bomringen i større grad enn i dag.

• Bidra med rammevilkår som skaper marknad for fornybare løysingar, mellom anna gjennom reguleringer og skatte- og avgiftssystemet.

• Redusere matsvinn frå det offentlege

• Styrke viktige kompetansemiljø innan bioøkonomi

• Arbeide for auka investeringar i grøn industri

• Bruke offentlige innkjøp til å få fram nye løsingar og reduserte utslepp.

• Setje krav om lågare utslepp for leveranse av varer og tenester til det offentlege

• Setje krav om fossilfrie byggeplassar i alle byggeprosjekt i fylkeskommunal regi

• Stimulere til ein aktiv skogskjøtsel og høgare avvirkning av skog på optimalt tidspunkt, og jobbe for «lange verdikjeder» med utgangspunkt i biomasse.

• Arbeide for å fase ut bruk av palmeolje i mat, husholdningsartikler og drivstoff.

• Styrke tiltak som bidrar til ENØK-tiltak i offentlege og private bygg, både nybygg og eksisterande bygningsmasse.

• Sikre at alle ferjer i regionen vert elektrifiserte

•  Styrke kollektivtrafikken i regionen gjennom auka ruteproduksjon og betre korrespondanse.


 ---


Ubåten må opp!
 
Ubåten ved Fedje inneholder 67000 kilo kvikksølv og er verdens største punktkilde for kvikksølv. Dette er en sak berører Vestlandet, Nordsjøen, og Atlanterhavet som kan påvirke Norges omdømme dersom vi ikke tar affære. Norge har forpliktet seg gjennom internasjonale konvensjoner Minamata og OSPAR til 0 utslipp av kvikksølv. Det er på tide at vi tar utfordringene ved U-864 på ytterste alvor.
 
Føre-var prinsippet og grunnloven inneholder en etisk forpliktelse til å ta ansvar i situasjoner med grunnleggende usikkerhet ved å foreta tiltak nå som er mest effektive til å redusere mulige nåtidige og fremtidige skader på mennesker og miljø.
Ved en tildekking av ubåten så rekker usikkerhetsmomentene langt inn i framtiden, slik som ved jordskjelv, klimaendringer, strømforhold, metylisering av kvikksølv. Det vil være et tidsspørsmål når kvikksølvet vil lekke ut og tiltaket er irreversibelt. Dette vil  føre til enorme miljømessige konsekvenser.
 
Det Norske Veritas nr.2006: « Det eneste tiltak som på lang sikt har lav risiko er heving: Tildekking har derimot høy risiko på lang sikt.
Det er bred faglig tilslutning innen kjemi, marinebiologi, undervannsteknologi og teknologiske løsninger om at ubåten kan heves på en sikker måte.
 
Hordaland Sp vil:
• Heve U-864

---


Snøggbåten – bussen i Sunnhordlandsbassenget 

Sjølv i våre dagar er det fjorden som er limet transportmessig mellom store delar av Sunnhordland.  Skånevik, Ølen, øysamfunnet Fjellberg, resten av Kvinnherad, øyane Stord, Bømlo og Austevoll er avhengig av snøggbåt for å reisa effektivt intern og til Bergen. Som døme: frå Skånevik tek båten 2t40min til Bergen til ein kostnad av 680kr tur/retur.

Dersom ein må ta denne turen med buss tek det 6,5timar til ein kostnad nær 1.000kr. Turen må då gå om Haugesund og tre kommuar i Rogaland, og ein blir transportert av Skyss, Kolumbus/Haukeliekspressen og Kystbussen. 

For mange er snøggbåten er einaste reelle alternativ for dagpendling. Dette gjeldt blant andre arbeidsfolk, skuleelevar, studentar og pasientar både internt i Sunnhordland og til Vestlandshovudstaden. Dette gjer det mogeleg å bu i alle fjordar og grendelag rundt i denne vakre delen av landet.  Alternativet er flytting for mange familiar og ungdommar. 

Men dette tilbodet er ikkje berre avgjerande for infrastruktur og spreidd busetnad i heile regionen. Snøggbåten er også ein nøkkelfaktor for at me alle, uavhengig av bustad i sunnhordlandskommunane, faktisk kjenner eit regionalt tilhøyre til Sunnhordland. Sjølv om det på dei lengste rutene kan vera utfordrande med dagens kjende teknologi å finna grøne alternativ til drivstoff, må desse rutene oppretthaldast og vidareutviklast!


---

Når det blåser på fjellet, er det storm på havet

NVE greier no ut kva område der det kan opnast for vindkraftutbygging. Dersom utkastet til arealdisponering vert vedteke risikerer me at store og urørte deler av Vestlands-naturen vert bygd ned med vindmøller.

Dei aller fleste pågåande utbyggingane av vindkraft er finansiert og eigd av internasjonale investeringsselskap. Hordaland Senterparti er tilhengjarar av ny fornybar energi, men kan ikkje akseptera at urørt Vestlands-natur skal byggjast ned med vindmøller som internasjonal storkapital hentar profitten frå. I dag er det slik at norske vasskraftressursar blir på norske hender gjennom konsesjonslovgivninga og heimfallsrettane. Slik må det også bli med vindkraft.

Utbygging av vindkraftverk krev anleggsvegar og store utskjæringar i terrenget for å få vindturbinane på plass. Kvar vindturbin krev ca. 800 meter veg for å komme på plass i terrenget. Vindmøllene har i gjennomsnitt ei høgde på 200 meter. Slik utbygging vil medføre store inngrep i Vestlandets unike naturlandskap som på svært negativ måte vil ramme friluftsliv, reiseliv, naturmangfald og naturområde med nasjonalkulturell verdi.

I Noreg har vi lang erfaring med maritim teknologi som er nødvendig for å utvinne vindkraft på havet. Vi ser det derfor som mest hensiktsmessig, av omsyn til nasjonal ekspertise så vel som dei store inngrepa som vil følgje av å bygge vindturbinar på land, at vidare vindkraftproduksjon først og fremst skjer på havet framfor på land. Dersom det skal byggjast landbaserte vindparkar, må desse byggjast og eigast av norske selskap og etableres på slik måte at lokalbefolkningens interesser blir ivaretatt.

Hordaland Senterparti vil:
- At heimalsretten og konsesjonslovene også skal gjelde ved etableringen av vindkraftparkar, anten dei er på land eller på havet.
- At vidare utbygging av vindkraft først og fremst skjer på havet.
- At nære naturområde der folk bur ikkje blir raserte på grunn av vindkraftutbygging.
- At utgreiingsarbeidet for vindkraft på Vestlandet vert utført slik at dei samfunnsmessige og økonomiske konsekvensane av utbygginga blir bedre kjent, så vel som for å sikre at folk får høvet til å setje seg inn i kva utbygginga av vindkraft vil innebere av endringar for regionen vår.

---

Om liggetida ved fødsel

Uti frå undersøkingar er det no fleire nybakte mødrer som får psykiske problem etter fødsel. Kvar sjette nybakte mamma strever med psykiske plagar. Ein ser ein klår samanheng  med endringar i barselomsorga. Mødrer skrivast ut frå sjukehuset svært tidleg, utan at det er bygd opp eit mottaksapparat i kommunane.

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at liggetida var 3,2 døger i snitt i 2007, og i 2016 var liggetida 2,7 døger. Dette er gjennomsnittlege tal. Nye Kvinneklinikken i Bergen skal stå ferdig i 2022. Der er planen at 40 prosent av kvinnene skal sendast heim 6-8 timar etter fødsel.

Undersøkingar ute i kommunane syner at det er dårleg beredskap for å ta imot mor og barn og gje dei forsvarleg oppfølging. På sjukehuset får nybakte mødrer hjelp med amming, barnestell og mykje anna. Ein fødsel er ei stor påkjenning for kroppen: Mora kan ha fått rifter, kan ha blitt sydd, dei kan ha problem med å få igang tarmen aller kan ha vannlating som ikkje fungerer som den skal. Ein fødselsdepresjon kan ha alvorlege konsekvensar for barnet, og sjølvsagt for mora.

For mange kan ei kort liggetid gå bra. Men det trengst observasjon over noko tid for å fange opp signala. Gulsott kan synes eg først etter to-tre dagar, og kan ein sjeldan gang føre til hjerneskade. Legane er bekymra for barna det er noko med, men der det er vanskeleg å oppdage dei første timane etter fødsel. Og dei barna som reiser heim før amming og ernæring er kome skikkeleg igang, er i faresona. Legane frykter alvorlege konsekvensar for dei nyfødde.

Senterpartiet lyttar til Jordmorforeinga, Barnelegane og foreldra i denne saka, og krev at kvinner får rett til minimum to døgn liggetid ved fødsel.