Meny

Gledeleg auke for restaurant- og matfag

Hordaland Senterparti har arbeidd for auka rekruttering til restaurant- og matfag i fleire år. Difor er det veldig gledeleg at dei fyrste søkjartala for skuleåret 2019/2020 viser ein auke i søkinga til VG1 Restaurant- og matfag i Hordaland, seier Alexander Fosse Andersen, nestleiar i opplærings- og helseutvalet i Hordaland fylkeskommune.

- I Hordaland  har det dei siste åra vore fleire læreplassar enn det har vore lærlingar innan restaurant- og matfag. Næringslivet etterspør fagfolk som vil jobbe med mat. For Senterpartiet har det vore viktig å jobbe for tiltak som bidrag til auka rekruttering til restaurant- og matfag. Det er viktig for næringslivet og for Hordaland som matfylke, fortset Fosse Andersen. - For fyrste gong på fleire år er det auke i søkjartala. Det gler meg, og eg vonar det er ein varig trend.

Fullstendig oversikt over søkjartala finn ein på

https://www.hordaland.no/nn-NO/nyheitsarkiv/2019/19-000-elevar-sokjer-vidaregaande-skule-i-hordaland/