Meny
My Post

Grøn kurs i klimapolitikken

Klimakrisa er vår tids største utfordring, og Hordaland Senterparti seier eit tydeleg ja til at Noreg sine forpliktingar i Paris-avtalen om å kutta utslepp skal gjennomførast.

Samfunnet må byggast slik at behovet for energi blir redusert, og der vekst ikkje kjem gjennom meir forbruk, men ved betre forvaltning. Skal ein forureina skal ein også betala, men avgiftssystemet må innrettast slik at det sikrar rettferdig geografisk og sosial utjamning.

 

Ei flat CO2-avgift slik regjeringa ynskjer vil kunne føra til auka geografiske og sosiale forskjellar, til dømes ved at innbyggjarar som ikkje har tilgong på kollektivløysingar eller infrastruktur for lading  og ikkje har noko reellt alternativ til fossilt brensel, vert råka langt hardare enn andre grupper. Hordaland Senterparti meiner difor at auka avgifter må følgjast av kompenserande tiltak der dette er naudsynt.

 

Hordaland Senterparti vil auka CO2-avgifta på fossile karbonprodukt som vi ynskjer å redusere forbruket av. Storleiken på avgiftene må vurderast ut frå den økonomiske situasjonen hos dei ulike næringane, og om folk har miljøvenlege alternativ.

Auka CO2-avgift må setjast i fond for ulike sektorar som bidreg til omstilling og ytterlegare utsleppskutt, og ikkje gå rett inn i staten sin pengesekk og så delast ut gjennom skattekutt til dei rikaste, slik Høgre, Venstre og Frp har vist dei ynskjer.

 

Industri og næringsliv på Vestlandet har utvikla verdsleiande løysingar på fleire område knytt til omstillinga til nullutsleppssamfunnet. Verdas mest miljøvenlege skip, karbonfangst og lagring, havvind og neste generasjon biogass er døme på teknologi utvikla på Vestlandet basert på kompetanse og teknologi frå olje- og gassindustrien. Hordaland Senterparti meiner omstillinga frå olje og gass til framtidas industri må skje gjennom verkemiddel som sikrar at me ikkje gjev frå oss teknologi. Me må ikkje innføra særnorske avgifter som fører til karbonlekkasje, men tvert om nytta avgiftssystemet aktivt for å vidareutvikla næringslivet.

 

Primærnæringane spelar ei nøkkelrolle i omstillinga frå fossilt til fornybart. Det må skiljast mellom fossile utslepp av klimagassar og naturlege biologiske prosessar, og det finst eit stort potensiale i å nytta biologiske prosessar til å binda karbon. Skogbruket og omstilling frå bruk av betong til tømmer vil vera avgjerande for å nå måla om kutt i utslepp, og gode positive verkemiddel må utviklast for å stimulera til meir bruk av tømmer.