Meny

Heilskapleg skredplan

Uttalen: Landet treng ein heilskapleg plan for skredsikring! vart fremja av Benthe Bondhus ( Sp) og vart samrøystes vedteken i fylkesutvalet i Hordaland torsdag 25. oktober 2018

Fylkesutvalet i Hordaland ber om at det vert utarbeidd ein heilskapleg, nasjonal plan, for skredsikring av riks og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. Planen må leggjast fram ved første rullering av NTP, med ei tidsramme for gjennomføring på 12 år.

Sidan oktober i fjor har det gått 2634 skred på veg ifølge vegkart.no. Heile 271 av skredhendingane førte til fullstendig vegstenging, og i hundre tilfelle førte skred til vesentlege skader på vegen. At ikkje fleire enn tre personar vart skadde må i stor grad tilskrivast utstrekt stenging av vegar, grunna rasfare. Ser me på dei siste 10 åra ligg årsgjennomsnittet på 2380 skred, og 263 stengingar for all trafikk.

I nyhendebiletet framstår hendingane som meir eller mindre tilfeldige enkeltsaker, spreidd rundt omkring i det meste av landet. Merksemda er sterk lokalt, ved store hendingar også nasjonalt, men det er lite fokus på å sjå dette i eit heilskapsperspektiv. Det manglar konkrete mål for å løyse dei samla utfordringane med skred på vegnettet.


I framlegg til Statsbudsjett for 2019 vert det frå samferdsledepartementet foreslått å løyve 1093 mill. til skredsikring på riksvegar (post 31) og 777 mill. til skredsikring på fylkesvegar(post 62), til saman 1870 mill. Dette er 156 mill. meir enn i 2015budsjettet og 472 mill. høgare enn i årets budsjett. Fylkesutvalet er glade for auka løyvingar til skredsikring, men me vil påpeika at den etterfølgjer ein årleg nedgang sidan 2015.


Dei berekna totale kostnadane for skredsikringsprosjekt av registerte punkt, innan høg- og middels skredfaktor, på riks- og fylkesvegnettet, vert i Statens vegvesen sitt vegkart.no pr. 10 oktober i år, rekna til om lag 51 milliardar kroner. Dette dokumenterar behov for ein heilskapleg nasjonal plan.