Meny

Hordaland Senterparti meiner det hastar med å få på plass ei avklaring for dei mindreårige som er innvilga

Hordaland Senterparti

Hordaland Senterparti meiner det hastar med å få på plass ei avklaring for dei mindreårige som er innvilga midlertidig opphald, men som skal tvangsreturnerast ved fylte 18 år.

Hordaland Senterparti meiner det hastar med å få på plass ei avklaring for dei mindreårige som er innvilga midlertidig opphald, men som skal tvangsreturnerast ved fylte 18 år. 

Det samla resultatet av regel- og praksisendringar er at terskelen for retur av unge som nettopp har fylt 18 år er blitt for låg, med alvorlege og uforsvarlege konsekvensar for dei det gjeld. Bruk av internretur til andre provinsar i Afghanistan har blitt for omfattande. Bruken av midlertidig opphald for einslege og mindreårige asylsøkjarar må reduserast.

Hordaland Senterparti foreslår difor å gjeninnføre det såkalla rimelegheitsvilkåret som vart fjerna i 2016. Før Stortinget fjernet dette lovkravet, måtte det vere «rimelig» å henvise ein asylsøkjar til internflukt til trygge delar av heimlandet. Etter at rimelegheitsvilkåret ble fjerna frå norsk lov i fjor haust, falt innvilgingsprosenten for afghanske asylsøkjarar frå 82 prosent til 28 prosent på eit år.  

Alle andre europeiske land opererer med rimelegheitsvilkår, og det er difor ikkje grunn til å vere uroleg for signaleffekten.

Senterpartiet har stått sentralt i dei samlande løysingane innan dette feltet når det trengs, og bør ta førarsetet for ei verdig løysing for desse borna no. Senterpartiet bør difor støtte forslag som set tvangsutsendingar av desse unge på vent inntil saka er grundig handsama på Stortinget.