Meny

Fylkesleiar Jostein Ljones, Jon Askeland 1. kandidat for Vestland Sp og  politisk nestlierAlexander F. Andersen var den 22. mars på talarstolen. Les innlegga deira til landsmøte.

Fylkesleiar Jostein Ljones si tale til landsmøte;

Ordstyrarar

Kjære Landsmøte

Takk for fantastiske talar Trygve og Marit de er til stor inspirasjon for oss alle. Me har fantastiske ledelse i Senterpartiet.

Takk Trygve for ein fantastisk tale for dine gode eksempel og historier frå folk sin kvadag som gjer oss heftge og begeistra. meining og innhald i senterpartiet sitt verdigrunnlag. Du er nærfolk og snakker på ein måte som folk flest forstår, du er ein vinner for oss alle og vår politikk.  Eg er utruleg stolt av å vera på ditt lag Trygve «Vinnarlaget»

Me skal vinna kampen om eit samfunn som gjer like muligheter for alle, med små forskjellar mellom folk. Me skal ikkje demontera verken by eller land men sørgje for å sjå heile landet. Nær folk. Med eit sterkt lokaldemokrati.

Ja det er ei historisk hending me no er del av, den største samlinga av «senterpartistar» som har vore samla nokon gong. Me skal bruka desse  dagane her på Hamar til å la oss begeistre å utforme framtidsretta  politikk for Noreg med «tjenester nær folk», ein offansiv klimapolitikk med løysingar som virkar, og skapar verdiar for landet også i framtida. med naturen sett i arbeid for eit betre klima.  Senterpartiet skal «Ta heile landet i bruk» Senterpartiet skal sørgje for trygge og rasikre vegar i heile landet, eit levande lokaldemokrati med reel makt og handlingsrom.  med  Senterpartiet sin ideologi og verdigrunnlag bygd på eit levande folkestyre og trygge lokal samfunn, skal me gi folk tilhøyrighet, identitet og famtidstru og mulighet for utvikling i heile landet.

Solbergregjeringa demonterer distrikta, ja, sjølv mikroskpiske statlege tenester som har store konsekvensar for folk flest når dei vert sentralisert. Eksempel frå den siste tida er forslag om nedlegging av trafikkstasjonar og passkontor slik at det ikkje lenger er mogeleg å ta førarprøven lokalt men at me for vår del må til Bergen eller Førde.

Grunnlaget for å driva kjøreskular i distriket forsvinn og fråværet aukar på dei videregåandeskulane når elevane må ta fri heile dagar for føraropplæring og førarprøve. Barnefamiliar må etter omlegging til store sentraliserte passkontor ta fri frå arbeid heile dagar med begge foreldre for å få utsteda pass til ungane før dei kan reisa på ferie, auka fråvær og tapte inntekter for den enkelte og tapt effektivitet i næringslivet er konsekvensen.

Dette er berre nokre døme men det kan vel ikkje vera noko tvil i dette landsmøtet at Senterpartiet må tilbake i regjeringskontora etter valet i 2021.  og at me treng minst like mange Ordførarar og fylkesordførarar frå Senterpartiet som det me har i dag etter valet i september det er gledeleg at Senterpartiet no er landes 3. største parti på meiningsmålingane, noko me og skal vera etter valet 9. september også.

Solberg regjeringa sin politikk demonterer ikkje berre distrikst Noreg, men set Norsk verdiskaping på Norske resurser under press med å selja ut eigarskapen til naturresursane til utanlanske interesser. Eigedomskatten på verk og bruk skal reduserast og på sikt fjærnast om Solbergregjerina får forsette, viktige skatteinntekter skapt på våre felles naturresurser som kommunane og fylkeskommunane brukar til å byggje god tjenester for innbyggjarane skal sentraliserast til Oslo for å gje rom for skattelette og profitt til kapitalkreftene.

Kommunane planlegg og legg til rette for utvikling men vert frårøva muligheter, inntekter og arbeidspalssar med Solberg som statsminister.

Eg går for regjeringa Vedum etter valet 2021 det fortjener landet.

Jon Askeland, 1. kandidat til Vestland Sp si tale til landsmøte;

Godtfolk, kva er det å sei etter talen din, Trygve?! Eg har aldri før vore på politisk møte og blitt rørt til tårer i verdimessig glede! Og Marit og Ada, Beate også. Fantastisk.

Likevel, har reist langt frå ei øy vest i havgapet, så verhard at sauene bit seg så hardt fast, atsist det var vindstille, så ramla det tre lam på sjødn. So litt må eg seia.

Som fylkesordførarkandidat i Vestland vil eg be partiet stå på vidare i kampen for fylkesvegane, og midlar til desse. Landet vårt har fire gonger så mykje fylkesveg som riksveg, og vegstandarden i disfavør av fylkesvegane våre vert stadig større. Ikkje gje dykk, regjeringspartia røysta ned forslaget vårt om eit heilt nødvendig fylkesvegløft, og lovde gull og blå skogar om satsing på fylkesvegane, men me har ikkje sett ei krone og me er svikta. Fylkesvegane forfell, bruerne også, det rasar frå fjella, og det gjer oss både utrygge, og aukar distriktsulempene. Våre vener i lastebileigarforbundet dokumenterer at 90% av yrkestrafikken i landet går på fylkesveg, og td laksen vår vert frakta fram på vegar i så elendig tilstand, at det hindrar verdiskapinga i landet vårt og gjev farlege situasjonar.

Så vil eg gje Full støtte til CO2-fondet. I Hordaland har me svart på regjeringa si bestilling om at fylka må ta klimagrep, og elektrifiserer heile ferjeflåten, og reduserer CO2 -utsleppa med heile 75%. Dette fører også til at Norge får ein industri på elektrifisering i verdseliten. Men, det kostar økonomisk. Fylket har bede staten om økonomisk drahjelp, men det er stilt som i grava, også frå dei partia som snakkar høgt om egen fortreffelighet i klimapolitikken.
Me forventar også støtte til auka løyvingar til byvekstavtalene i storbyregionane, for der ligg store klimagevinstar, og manglande økonomisk støtte gir svekka personleg økonomi for vanlege folk i byregionane også.

Me i Vest vil særleg takka partileiinga for den tydelege linja i arbeidslivspolitikken,og at me stiller opp for rettane til alle dei vanlege folka i landet vårt, kvardagsheltane som held hjula i sving, står på i kvardagen , dei som ikkje vert lønsvinnarane, men som ser at dei får svekka rettar, ikkje skattelette, men tidenes avgiftsrally som svir frå blåblått regjering, og ser større ulikskapar mellom vanlege folk og rikingane, svekka solidaritet, utanforskap. Me må ikkje svikta her! For dette er folket i Noreg, og me må stå opp som arbeidsfolkets parti på sjø og land.

Alexander F. Andersen, politisk nesleiar si tale til landsmøte;

Slagordet vårt “Nær folk”  er knakande bra og bør vere ei oppskrift for korleis me skal auke gjennomføringa i vidaregåande skule. Me veit det er mange som ikkje fullfører vidaregåande i dag, og det er ei stor utfordring for samfunnet og den einskilde at så mange unge fell utanfor skule og arbeidsliv. Skal ungdom få moglegheitene til å fullføre vidaregåande, må dei bli sett. Då treng me rådgjevarar som har tid til elevane og gi dei gode råd som tek utgangspunkt i ønska og føresetnadene deira. Framfor alt treng me rådgjevarar som framsnakkar yrkesfag og praktisk utdanning. Teorifaga på yrken må bli meir praktiske. La lærarane vere lærarar. La dei få bruke tida si på elevane og undervisning, ikkje på å fylle ut skjema. Eg er stolt lærar, og eg er stolt over at Senterpartiet er den største forkjemparen for ei tillitsrefom i skulen, det fil fyrst og fremst kome dei ungdomane som treng mest oppfølging til gode. 

Skulehelsetenesta må styrkjast med fleire helsesjukepleiarar og psykologar slik at skulehelsetenesta blir eit reelt lågterskeltilbod. Trivsel og eit godt skulemiljø bidreg til auka læring og gjennomføring og er viktig for å skape ein skule for alle. I Hordaland har Senterpartiet vore ein pådrivar for innføring skulemåltid i den vidaregåande skulen. I dag har alle vidaregåande skular i Hordaland tilbod om gratis skulemåltid. Ordninga er populær både blant elevar og lærar. Skulane rapporterer om meir motiverte og lærevillige elevar, og det bidreg til betre skulemiljø og styrkjer relasjonane mellom lærarar og elevar. Landsmøte; skulemat er god skulepolitikk. 

Ungdommar som av ulike grunner ikkje er klare for vidaregåande må få alternative tilbod. Hordaland har starta to produksjonsskular for å få ungdommar som har droppa ut av vidaregåande tilbake i framtidsbyggjande aktivitet. Ideen bak  tilbodet er å gi ungdommar eit praktisk læringsgrunnlag, lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre vidaregåande opplæring eller å lykkast i arbeidslivet. Erfaringane med Hyssingen produksjonsskole i Bergen er veldig gode. Av dei ungdommane som har gått på produksjonsskulen er 85 % i framtidsbyggjande aktivitet i dag. Dette er ungdommar som hadde gitt opp, og det viser kor viktig produksjonsskulen er. Hordaland Senterparti ønskjer fleire slike tilbod i heile landet.

Gode landsmøte. Det er Senterpartiet som har dei praktiske og jordnære løysingane, også i skulepolitikken. Tenester nær folk betyr ein skule som er tilpassa elevene, ikkje motsett.