Meny

Fylkesleiar Jostein Ljones ser fram til valet

Jostein Ljones
Jostein-Ljones-33037702763_bccd590e00_o.jpg

Senterpartiet ligg ann til å gjera sit beste val  etter EU valet i 94. dette er motiverande for alle som ynskjer at landet skal gå i ein annan retning enn det Høgre/ FRP regjeringa føre landet i.

Hordaland Senterparti kan utgjera  forskjellen på om det vert byte av regjering det står om nokre få stemmer i meiningsmålingane om me er inne med både Kjersti og Nils. Slik me ligg ann i dag er det fem kandidatar som kjempar om det siste faste distrikts mandatet til Hordaland. SP(2.  Bjørke) , AP (5.Sande), MDG (1. Hermstad),  V (1.Breivik),  H (5.Nilsen)

Innsatsen vår den siste veka for å kapra dei siste stemmene som trengst  for å sikre Nils plass på tinget kan avgjere om me får byte av regjering. Eg vil oppmode alle om å gjera ein ekstra innsats siste veka snakke med folk, drikka kaffi, stilla på stand og vera positive med dei me møter så kan me feira tidenes val 12. sep.

Landet treng ei ny regjering med eit sterkt Senterparti  som set viktige verdiar i fokus. Senterpartiet ynskjer ein annan retning for samfunnet enn dagens regjering.  Våre hovudsaker til dette valet er:

·        Norsk mat er trygg mat

·        Nær folk

·        Nei til sal av Norge 

-       Norsk matproduksjon må styrkast på norske resursar både på land og på sjø

-       Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå me seier klart nei til Sentraliseringa som H/Frp regjeringa står for

-         Senterpartiet seier klart nei til sal av norske naturresursar til utlandet.

-       Senterpartiet seier ja til folkestyre og nei til fjernstyre difor seier me klart nei til EU medlemskap, EØS-avalen og Schengen samarbeidet.

Me trur på heile Hordaland og ynskjer å skape grøne byar, levande distrikt og små forskjellar.

Godt Val !

Mvh.

Jostein Ljones

Fylkesleiar HSP