Meny

Kjøt frå vestlandsbonden kan etast med godt samvit

Sigurd Reksnes, Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti

Svaret på korleis vi skal redusere den globale oppvarminga, er ikkje å slutte å produsere kjøt og mjølk frå Vestlandet. Tvert om.  

Medan regnskogen i Amazonas brenn, så skriv regjeringa under mercosur avtalen, som inneber import av storfekjøt frå Brasil, der regnskogen må vike plass for beiteland til kjøtproduksjon. Eg meiner regjeringa ofrar både regnskogen og norsk matproduksjon på frihandelen sitt alter.

Klima og miljøminister Ola Elvestuen tek til orde for å redusere forbruket av kjøt, for å få ned klimagassutsleppa. Men, det er faktisk ikkje det same om kjøtet er produsert her på Vestlandet, eller om det vert produsert av dyr som beitar på område som tidlegare var regnskog i Brasil.

FN sitt klimapanel skriv at berekraftig bruk av landareala er avgjerande for å redusere den globale oppvarminga. Klimapanelet seier og at det er store regionale variasjonar i korleis matproduksjon påverkar klimaet i positiv eller negativ retning.

Dei største trugsmåla mot ein berekraftig matproduksjon globalt er industrilandbruk, avskoging av regnskog og degradering av landbruksjord.

Måten jordbruket vert drive på Vestlandet, og i Noreg elles, har mange positive klimaeffektar. Småskalalandbruk med beiting, der ein tek vare på jordsmonnet, er positivt for klimaet og bidreg til karbonbinding. I motsett ende er utarming av matjorda med lite karbonbinding, svært negativt.

Her på Vestlandet passar det best å produsere gras, som igjen vert mat til sauer og kyr. Å slutte med grasproduksjon på mykje av våre areal og ressursar er eit blindspor. Det tener verken klimaet, eller ei veksande befolkning i verda som treng mat.

Kjøt produsert av vestlandsbonden kan etast med godt samvit fordi det vert produsert på gras som har bidrege til karbonbinding i jorda, og som elles ikkje kan nyttast til menneskemat.

Skal vi møte framtida på ein berekraftig måte, slik FN sitt klimapanel seier, må vi stanse degraderinga av landbruksjord lokalt og avskoginga av regnskog globalt.

Kort sagt må vi bruke dei areala som allereie vert nytta til matproduksjon, endå betre i framtida. Det gjeld sjølvsagt også dei areala vi har her på Vestlandet.

Då treng vi ein landbrukspolitikk som tek heile landet i bruk, med ei god arbeidsdeling mellom dei ulike landsdelane, der vi nyttar dei naturgjevne føresetnadane best mogeleg.

Svaret er ikkje meir stordrift med ein sentraliserande landbrukspolitikk slik som regjeringa Solberg fører. Framtida til Norsk landbruk er ikkje å kopiere mislukka eksperiment med industrialisert jordbruk i andre land.

Til slutt: Det krev ein utruleg innsats i heile kjeda, frå jord til bord, å lage maten. Altfor mykje mat vert kasta, og her har vi alle eit ansvar: Maten skal i magen, ikkje i søpla!