Meny

Klar for ny periode på Stortinget

Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke har begge takka ja til attval for Stortingsvalet 2021. Toppe går dermed for sin fjerde periode på Stortinget. 

- Koronapandemien har vist at det trengs ein  kraftinnsats for å styrke beredskapen i Norge. Eg  vil gjerne bidra i dette arbeidet også dei neste fire åra. Landet treng ein ny politisk retning der Sp skal vere det jordnære grøne alternativet . Eg stiller opp for ein ny stortingsperiode dersom fylkespartiet ønsker det, seier Toppe 

Bjørke er inne i sin første periode, og er klar for fire nye år. 
- Eg har lært mykje denne perioden og meiner eg kan gjera ein innsats for at det skal vera levande lokalsamfunn med gode tenestetilbod i heile landet, og at distrikta skal få meir att av verdiskapinga, seier Bjørke. 

Sidan Toppe kom inn på Stortinget i 2009 har ho vore første nestleiar i helse- og omsorgskomiteen,  og er i dag også nestleiar i Senterpartiet sitt gruppestyre. 
Bjørke er 4.visepresiedent på Stortinget, og medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen. 

Leiar av nominasjonsnemnda i Hordaland Senterparti, Solfrid Borge er særs nøgd med at begge har takka ja til ny runde.
- Kjersti og Nils har gjort ein stor innsats for Senterpartiet på Stortinget, og har vore gode talspersonar for Hordaland.  Me står framfor eit veldig spanande val og Senterpartiet er viktigare enn nokon gong, seier Borge.