Meny

Klimakur: lokalmat er ein del av klimaløysinga!

Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 14.-15. februar

Det er heilt feilslått å skulle avvikle husdyrhald som utnyttar beitemark. Me kan ikkje godta ein politikk som ikkje ser heilskapen i klimarekneskapen, der ein med forhasta tiltak forverrar situasjonen. Det er ikkje er berekraftig for landet.  

Miljødirektoratet gav NIBIO (Norsk institutt for Bioøkonomi) i oppdrag å oppdatere klimatiltaket «Overgang fra rødt kjøtt til vegetabilsk og fisk». Tiltaket var ein del av regjeringa si tinging av grunnlaget til «Klimakur 2030».
I sitt notat skriv mellom anna NIBIO: "Det virker derfor vanskelig å kunne forene den jordbrukspolitiske målsettingen om å opprettholde «landbruk over hele landet» med en vridning  av kostholdet fra rødt kjøtt til vegetabilsk og fisk."
Dei slår videre fast at:

  • For samfunnet og forbrukarane vil det verte dyrare å hente protein frå grønt, frukt og potet samanlikne med kjøt og egg.
  • Når importmengda går opp på grunn av kostholdsendring vil klimagassutslepp utanfor Noreg verte større.
  • Kostholdsendringane vil kunne gje negative konsekvensar for lokalsamfunn med tap av arbeidsplassar, redusert biologisk mangfald, eller behov for omlegging av gardsdrifta. Dette vil krevje store investeringar for gardsbrukaren.
  • Negative effektar og kostnader vil verte påført næringsmiddel industrien knytt til kjøtindustrien
  • På grunn av vår geografiske plassering har me ein stor utfordring i val av planteartar, vekstsesongen er kortare, kvalitet og avlingsnivået vert forventa lavare enn andre stader.

På trass av dette føreslår miljødepartementet ei rasering av norsk landbruk, fordi effektane er raskare enn eit berekraftig alternativ. Dette gjer dei sjølv om matrisene deira viser stor usikkerheit knytt til vedtaka dei føreslår. 
Hordaland Senterparti gjer det heilt klart at me ikkje kan godta ein reduksjon i norsk jordbruksareal på over 1 million daa i 2030. I staden for å legge landbruket i Vestland brakk, må ein satsa målretta  mot bærekraftige klimatiltak der ein spelar på lag med kulturlandskap, og næringa.
Løysinga er auka karbonlagring i skog og i jordbruk. Dei tiltaka i «Klimakur 2030» som legg opp til at me skal dyrke meir grønsaker og frukt og hindra matsvinn  støttar Hordaland Senterparti, men viktige element er utelatt. 

Karbonlagring i skog er velkjent, men det krev eit aktivt skogbruk. Vestland har eit svært veleigna klima for kulturgran. Boniteten gjer at tida treet treng frå nyplanting til hogstmodent er 70 år, medan det på austlandet tek ca 150 år. Då må ein ha ein politikk som bevisst og målretta optimaliserer skogbruk for å  mest mogleg karbon frå atmosfæren. Tømmer er også ein særs verdfull resurs og heiltrehus bind karbon effektivt og miljøvenleg.   

No byrjar forskingsresultata på karbonlagring i jord å komma. Globalt sett har jord tapt mykje karbon gjennom høgintensive former for landbruk. Ved å ta i bruk nye og klimavennlige metodar for dyrking, t.d konkretisert i «Fire promille-initiativet» som ble lansert under klimatoppmøtet i Paris i 2015 kan ein snu denne utviklinga. Det er estimert at ein kan snu den negative trenden dersom ein klarer å få til ein auke av karbonmengda i jord med fire promille per. år. Det vil vere nok til å stoppe auken av CO2 i atmosfæren. Noreg må prioritere forsking og innovasjon på dette området, slik at me kan få fram dei positive effektane ved betre utnytting av fotosyntesen og tilføre jorda meir karbon med alle dei positive effektane det har.

Studiar viser i tillegg at beiting i utmark kan gi ein signifikant auke i karbonbinding i djupe jordlag. Då vert det heilt feilslått å skulle avvikle husdyrhald som utnyttar beitemark. Me kan ikkje godta ein politikk som ikkje ser heilskapen i klimarekneskapen, der ein med forhasta tiltak forverrar situasjonen. Det er ikkje er berekraftig for landet.