Meny

Målformsbyte i den vidaregåande skulen

Under Hordaland Fylkesting no i oktober, hadde Alexander Fosse Andersen (Sp) inne ein interpellasjon rundt målforma i den vidaregåande skulen.

Her tok Andersen (Sp) opp spørsmålet om kvifor det er so mange som gjer målbyte mellom grunnskulen og det vidaregåande trinnet. Ein har opplevd ein trend her, der elevane gjer overgang frå nynorsk- til bokmål hovudmål, og det er dette Fosse Andersen (Sp) ønskjer å setje lys på. 

Senterpartiet har difor spurt fylkesordføraren om dei følgjande punkta:

  1. Kva rutinar har ein i fylkeskommunen for å registrere målform og målformsbyte? Kor mange nynorskelevar er det i den vidaregåande skulen i Hordaland inneverande skuleår.
  2. Kva er status i dag for forskningsprosjekt på problemstillingar rundt målbyte i den vidaregåande skulen i Hordaland?
  3. Kva dialog og samarbeid har ein med aktuelle forskingsmiljø og evt med Norges Mållag for å innhente kunnskap om målbyte i den vidaregåande skulen?
  4. Kva tiltak gjer fylkeskommunen for å sikre at elevar har mogelegheit til å halde på målformen dei har hatt i grunnskulen?

Då fylkesordføraren svarte på spørsmåla kom det fram at det ikkje er noko registrering av kven som har gjennomført målbyte, samt at det er elevane sjølv som registrerer målforma dei skal bruke i den vidaregåande skulen. Frist for dette hadde ikkje passert under oktobertinget, og ein skal difor koma tilbake med tall for inneverande år ved neste fylkesting, i desember.

Når det gjeld forskningsprosjekt rundt målbyte i den vidaregåande skulen, var det planlagt eit, men før dette vart sett i verk vart dette endra og ein tar i dag for seg trinn i grunnskulen. Det er framleis positivitet rundt å skulle forske på dette i den vidaregåande skulen, men det vert ikkje gjennomført noko på dette tidspunktet.

Når det kjem til innhenting av kunnskap om målbyte, vert det referert tilbake til at dette er det elevane som sjølv registrerer og at tala kjem til neste fylkesting.

Når det kjem til tiltak er det alltid mogeleg å velje nynorsk som målform i den vidaregåande skulen, og ein vil få lærebøker i valt målform so snart som mogeleg. I tillegg til dei analoge bøkene, har ein frå dag ein tilgang på digitale bøker i rett målform.

Til sist sette Fosse Andersen (Sp) fram eit forslag for fylkestinget: «Fylkestinget oppfordrar fylkesadministrasjonen til å halde oppe dialogen med Universitetet i Bergen om eit forskningsprosjekt på problemstillingar rundt målbyte i den vidaregåande skulen i Hordaland. Fylkestinget ber om tilbakemelding til utval for opplæring og helse.». Forslaget vart samrøystes vedtatt for realitetsbehandling, før det vart samrøystes vedteke.