Meny

Magnar Lussand til minne

Tidlegare fylkesordførar i Hordaland, Magnar Lussand frå Granvin, døydde 24.september, berre 74 år gamal. Hordaland Senterparti mista med det ein kjær og høgt respektert tillitsvald og ven.

Magnar Lussand var født i 1945, og har gjennom mange år som folkevald hatt ulike og viktige tillitsverv. Han har gjort ein svært fortenestefull innsats for Senterpartiet, både innanfor organisasjonen og i sine mange politiske verv.

Magnar Lussand var ein samarbeidsmann og ein pragmatisk politikar som heile tida var opptatt av resultat, og som tenkte på kva som gagna folk og land best. Magnar var tydeleg når det trongst og var klår i talen. Om det var usemje i saker, gjekk det alltid på sak, ikkje person. Magnar Lussand var ein allround-politikar som arbeidde langsiktig med ei rekkje saker. Han hadde det kjente glimtet i auge, alltid ein god replikk på lur,  var roleg og samlande, og framsto med naturleg autoritet.

For oss i Hordaland Senterparti som har fått nytta oss av Magnar Lussand i så mange år, er det i tillegg også «ja-mannen» vi fekk læra å kjenna. Han som ikkje gav opp. Som såg politiske moglegheiter, ikkje utfordringar. Vedtaket i Stortinget om Hardangerbru var eit døme på kva Magnar sin iherdige politiske innsats og sterke samfunnsengasjement kunne føra til. Magnar gløymde aldri kor han kom i frå. Han kunne kunsten å kraftsamla flokken til kamp i dei store sakene , gjerne i mot overordna strukturar og systema. Samstundes var Magnar ekte oppteken av dei nære ting. Småbruket. Reinsdyrjakta. Folkemusikken.

Magnar Lussand blei vald inn i Ullensvang kommunestyre i 1976 og var med der i 1976-77 til han flytta heim til garden i Granvin.  I 1980 blei han vald inn i Granvin kommunestyre og var medlem der i fire periodar på rad – til 1995.  I tre periodar, frå 1980-1991, var han ordførar i Granvin.  I 1984 blei han så vald inn i Hordaland fylkesting for Senterpartiet. Der var Magnar medlem i sju periodar, frå 1984 til 2011. I to periodar, frå 1992-1999, var han fylkesordførar i Hordaland og stod for ei stødig leiing der. I perioden 1997-2001 var Magnar Lussand også vararepresentant til Stortinget.

Gjennom åra som folkevald var Magnar Lussand med i eit uttal styre og utval. Han skjøtte alltid desse på ein svært truverdig og kunnskapsbasert måte og hadde stor tillit langt ut forbi eigne partirekkjer. For sin lange og særleg fortenestefulle innsats for Senterpartiet fekk Magnar Lussand i 2006 tildelt Senterpartiets Heidersmerke. Magnar er også tildelt gullnåla for Stiftinga Norsk Kulturarv og Kommunenes sentralforbund sitt heidersmerke for den politiske innsatsen.

Magnar Lussand kjem til å bli sårt sakna i Hordaland Senterparti. Vi vil med dette få takka Magnar og familien for engasjementet og den store arbeidsinnsatsen til Magnar i alle år, i Senterpartiet og samfunneta teneste. 

«Og det er det stora,

og det er det glupa,

at Merket det stend,

um Mannen han stupa»

 

Kjersti Toppe, nestleiar Sps stortingsgruppe

Jostein Ljones , fylkesleiar Hordaland Sp

Benthe Bondhus , gruppeleiar Sp Hordaland fylkesting