Meny
May Irene Wergeland

May-Irene Wergeland blir rådgivar for Kjersti Toppe

EU-saka fekk henne engasjert i Senterpartiet,  nå er det helse- og omsorg som skal prega dagsordenen hennar.  Denne hausten skal  Sp-politikar i Alver,  May-Irene Wergeland, vikariera som rådgivar på Stortinget.

49-åringen frå Lindås stepper inn for rådgjevar Øyvind Bosnes Engen, som skal i permisjon fram til nyttår. Ho blir då rådgivar for Kjersti Toppe, og vil dermed får jobba med det som har vore hennar hjartesaker, både i politikken og i yrkeslivet; helse, sosial og omsorg. 
 
-    Det viktigaste me kan gjera som eit fellesskap er å byggja eit samfunn som er vennlegsinna særleg mot dei som av ulike grunnar fell utanfor, seier Wergeland. 
 
Wergeland som opphaveleg er diakon, har tidlegare arbeidd blant anna i Kirkens Bymisjon, og dei  siste åra i RVTS Vest (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging). Dette er erfaring ho ser fram til å dra nytte av i jobben på Stortinget. 
 
-    Eg har brei arbeidserfaring, og har opparbeidd meg mykje erfaing innan innan helse- og sosialfeltet. I Kirkens bymisjon jobba med menneske i randsona av fellesskapet. Dei siste åra har er eg arbeidd med å undervisa og rettleia tenester i ulike kommunar, både ovanfor dei som arbeider med flykntingar og andre. Slik kjenner eg både til korleis dei tilsette opplever sine kvardag, og har mykje erfaring også frå brukar av helse- og sosiale tenester. Det trur eg er nyttig i denne stillinga, seier Wergeland. 
 
Det var likevel ikkje desse sakene som i utgangspunktet fekk henne engasjert i Senterpartiet. 
-    Eg budde nokre år i Sør-Tyskland og blei i denne perioden ein sterk motstandar av EU. For meg blei det viktig å engasjera meg i eit parti som er tydelege på sjølvstyre og på kort veg mellom grasrot og areaner der avgjerdslene blir tatt. Det må vera kort avstand mellom den røynda folk lever i og dei som tek avgjerdene. Eg trur dette er heilt overordna for ei god samfunnsutvikling.  
 
Wergeland har vore engasjert som styremedlem i Alver Senterparti dei siste åra, og blei vald inn i kommunestyret i fjor haust. No blir det pendling mellom lokalpolitikk i Alver og nasjonalpolitikk på Løvebakken. 
 
-    Eg ser fram til å få innsikt i korleis viktige avgjerdsler blir tatt, for mykje får store konsekvensar for kvardagen til folk. Vidare gler eg meg til å jobba med Kjersti. Då ho ringde sa eg ja på sekundet. Ho har ein enorm innsikt i sakene ho jobbar med, vågar å stå for sine meiningar, både når ho har mange meiningsfellar men også når sakene er mindre populære, seier Wergeland.