Meny
pexels-avonne-stalling-3916014

Me må hjelpa reiselivet gjennom koronakrisa!

Nils T Bjørke, Stortingsrepresentant for Senterpartiet

 Reiselivet i Bergen treng hjelp. Cruisebåtane kjem ikkje, og det er tomt for turistar på Bryggen og på fisketorget. Slik er situasjonen for reiselivet over heile Vestlandet no. Reiselivsbedriftene våre er tradisjonsrike og solide foretak med lang erfaring. Dei har ein unik kompetanse og infrastruktur som me er avhengige av at klarar seg gjennom korona-krisa når Vestlandet skal ta i mot turistar i framtida.

Reiselivet på vestlandet og resten av landet må få støtte til å klara seg gjennom krisa. Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for reiselivet som opphøyrde 31. august, denne burde vore forlenga til ny ordning er på plass. Heile næringa meiner at det er viktig å føra vidare tiltaket med ein låg momssats på 6 prosent.  Denne ordninga går ut 31. oktober. Då skal satsen hevast til 12 prosent. Dette er ikkje godt nok.

Korona-krisa vil vara ved i lang tid framover, og det er naudsynt å tenkja langsiktig for å ta vare på reiselivsnæringa. Då kan ikkje regjeringa arbeida etter ei vente og sjå haldning, slik vi er vitne til no. Det gjev grobunn for meir usikkerhet i ei næring i djup krise.

På kort sikt må regjeringa vidareføre dei ordningane som er vedteke ut året og så vurdera kva som må til på lenger sikt. Senterpartiet har alt gjort framlegg om at den låge momssatsen skal gjelda ut 2021. I tillegg meiner me at kompensasjonsordninga må halda fram og at krav om tilbakebetaling av kriselåna må utvidast frå tre til seks år. Reiselivet skal ikkje tilpassa seg krisa ved å legge ned, men ved å verta eit enno betre vertskap for nordmenn og utlendingar på reise.